Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. AUGUST 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mållaget ber om tiltak for å hindra målbyte

 (31.10.2013)

Noregs Mållag ynskjer Torbjørn Røe Isaksen velkomen som ny kunnskapsminister. Mållaget håper den nye kunnskapsministeren ser på stoda til elevane som har nynorsk som hovudmål. 

I nokre område skifter ein stor del av desse elevane til bokmål når dei hamnar i mindretal, anten i ungdomsskulen eller i den vidaregåande skulen. Mange av desse elevane er i dag omslutta av bokmål, og det gjev dei andre utfordringar enn bokmålselevane. Dette må norskundervisninga ta omsyn til. Nynorskelevane må verta omslutta av nynorsk i skulen for å verta trygge nynorskbrukarar og hindra språkskifte.

Noregs Mållag bed om at desse tiltaka vert haldne oppe eller sette i verk:

– Hovudmålet bør fylgja eleven ut grunnskulen. I dag kan elevane velja kva hovudmål dei vil ha i 8. klasse, før dei har teke til med undervisning i sidemål og språkhistorie. Såleis kan valet berre gå ein veg, frå nynorsk til bokmål.
– Nynorskelevane må få undervisning i eiga gruppe/klasse. I språkblanda område må ungdomsskulane så langt som råd er, la nynorskelevane få mest mogleg av  undervisninga i eiga gruppe. Då vil dei møta nynorsk kvar einaste dag og få brukt nynorsk som arbeidsspråk kvar einaste dag.
– Lærarane på ungdomssteget i grunnskulen skal undervisa på hovudmålet til elevane. I dag står lærarane fritt til å velja sjølv kva for språk dei vil undervisa på.
– Lærarane i den vidaregåande skulen skal hjelpa nynorskelevane til å verta trygge nynorskbrukarar. Difor skal ikkje lærarane i den vidaregåande skulen stå heilt fritt til å velja undervisningsspråk.
– Læreplanen og skuleverk må vera medvitne om at det finst særskilde utfordringar for å læra eit mindretalsspråk i ei verd omgjeven av majoritetsspråket.
– Nynorskelevane må få alt materiell som skal inn i skulen på nynorsk.
– Kommunar og fylkeskommunar må sjå til at nynorskelevane får tilgang på nynorsk litteratur.
– Nynorsken må sikrast gjennom lærarutdanninga. Dagens lærar- og lektorutdanning sikrar ikkje i dag at studentane faktisk meistrar nynorsk godt nok til å bruka språket i undervisningssamanheng.

Marit Aakre Tennø
Leiar i Noregs Mållag
 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no