Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Slepp nynorsken til i riksavisene!

 (06.11.2013)

På eit språkseminar halde av Det Norske Teatret og Nynorsk kultursentrum den 15. oktober held Kjartan Fløgstad innleiinga ”Den norske skriftkulturens mørketal”. Der tok han opp det redaksjonelle forbodet mot nynorsk i dei største riksavisene. Innleiinga vart trykt i Klassekampen og har skapt eit lengre ordskifte om nynorsk i rikspressa. Leiar i Noregs Mållag, hadde onsdag 6. november dette debattinnlegget på trykk i Klassekampen: 

Slepp nynorsken til!

Debatten kring nynorsk i riksavisene i Klassekampen dei siste vekene reiser spørsmålet om kvifor ein ynskjer nynorsk i dei største avisene i Noreg. Er kampen for nynorsk i riksavisene fyrst og fremst ein kamp for einskildjournalisten sin rett til å skriva nynorsk, eller det nynorske språksamfunnet sin rett, og ikkje minst trong, til å sjå språket sitt over alt?

På lik line med andre mindre brukte språk, så treng nynorsken plass i ålmenta, skal han verta brukt. I dag gjer det redaksjonelle nynorskforbodet i dei største riksavisene nynorsken usynleg om du les Dagbladet, VG, Aftenposten eller Dagens Næringsliv. Og her ligg hovudpoenget til Fløgstad, slik eg les han. Han peikar på at det er usynleggjeringa av ein 150 år gamal språktradisjon som er problemet. Ein overkomeleg måte å gjera noko med dette på, er å la dei journalistane som ynskjer det, skriva nynorsk i desse avisene. Ikkje fordi det er ein menneskerett for einskildjournalisten, men rett og slett fordi det er ein enkel måte å auka nynorskinnslaget i desse avisene frå null til litt.

Nynorsk og bokmål er jamstilte språk i Noreg. Men styrketilhøvet mellom dei er ulikt. Bokmålet dominerer ålmenta over heile Noreg, i større og mindre grad. Samanliknar ein dei sterke områda for nynorsken med dei svake, ser ein at der nynorsken er synleg og vert brukt, der veks han. Altså er meir nynorsk i ålmenta med å stø opp og hegna om nynorsken. Mange stader i Noreg er usynleggjering av nynorsk eit direkte trugsmål mot nynorskbruken.

Noregs Mållag er oppteken av kva det redaksjonelle forbodet mot nynorsken gjer med det nynorske språksamfunnet. Svaret er at språket må bli sett, lese og skrive, skal det halda seg oppe. Ikkje berre lokalt, den nasjonale pressa har òg eit ansvar for å ta vare på dei norske språka våre. Det er om lag ein halv million nynorskbrukarar i landet vårt, og desse har rett til å verta tekne på alvor ved at språket deira vert brukt på alle område. Det vil gje språkleg toleranse og språkleg sjølvkjensle.

I 2005 samla Noregs Mållag 36.000 underskrifter for nynorsk i VG og Dagbladet, og i kampanjeperioden var me i kontakt med fleire journalistar som ville skriva nynorsk i aviser der det var forbode. Kravet er så langt ikkje innfridd.

Marit Aakre Tennø
Leiar i Noregs Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no