Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Pressemelding i høve framlegg til revidert statsbudsjett

Mållaget er uroa for språket

 (08.11.2013)

Noregs Mållag registrerer at den nye regjeringa vil gjera kulturen meir uavhengig av staten og kuttar i gode kulturføremål, som Norsk kulturfond og reduksjon av produksjonstilskotet til avisene med heile 50 millioner kroner.

Små språkområde som Noreg treng støtte for å kunna produsera skrift fordi marknaden ikkje er så stor at alle utgjevingar ber seg sjølve. Dette gjeld sjølvsagt nynorsk i endå større grad enn bokmål.

– Alle språkbrukarar treng å sjå språket sitt brukt for at dei skal halda på det. Me vonar den nye regjeringa og Stortinget ser at litteratur og aviser er viktige område for å oppnå nett det, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

Mållaget er skuffa over at Olav H. Hauge-senteret ikkje får 1,5 millionar kroner til å laga ei utstilling på Olav H. Hauge-senteret i Ulvik, Hardanger.

For meir informasjon:
Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, 45 47 17 16
Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag, 23 00 29 37 eller 957 85 560

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no