Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Hallingdølen er beste lokalavis i Europa

 (18.11.2013)

Nynorskavisa Hallingdølen er kåra til beste lokalavis i Europa. Avisa vart tidlegare i år kåra til den beste lokalavis i Noreg, og no slår dei altså til med å vere best i Europa. 

– Me gjekk til topps i NM – og no i EM. Det er nesten for godt til å vere sant, seier Bjarne Tormodsgard, redaktør i Hallingdølen til nettstaden framtida.no. Dette er verkeleg ei storhending for avisa.

Juryen i European Newspaper Award har lagt vekt på at Hallingdølen trekkjer fram folk i sakene sine. I tillegg er sakene visuelt godt framstilt. Juryen trekkjer fram at journalistane i Hallingdal nyttar fotoreportasjen og visuell historieforteljing som eit dagleg virkemiddel i jobben sin. Dette får dei skryt for. Avisa haustar også lovord for sine magasin og reportasjar, og design på dette. Visuell historieforteljing på sitt beste, står det i grunngjevinga. I tillegg trekkjer juryen fram at Hallingdølen har jobba fram nye digitale løysingar, med utgjeving på fire kanalar – papir, nett, telefon og iPad.

Hallingdølen konkurrerte med 211 aviser frå resten av Europa. Avisa har nynorsk som sitt redaksjonelle språk og redaktøren vil gjerne dele æra med både eigne tilsette og lesarar.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no