Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kulturpris til Aud Søyland

 (19.11.2013)

Aud Søyland har fått kulturprisen frå Nord-Aurdal kommune. Ho får prisen for å ha vore aktiv i kulturarbeidet i Valdres på fleire felt, melder avisa Valdres

– Det er viktig for meg å seie at frivillig arbeid gir veldig mykje tilbake. Det er ikkje slik at ein driv med dette for å få ros. Eg har personleg glede av det. Eg har blitt kjent med masse kjekke folk, og ikkje minst har eg lært utruleg mykje i organisasjonslivet, seier Aud Søyland, til avisa Valdres. 

Ho har vore aktiv i SV i Nord-Aurdal og Valdres Folkemusikklag. Ho var ein av initiativtakarane bak Leira grendelag, Internasjonalt kvinneforum og Valdres bokdag. Ho har drive barneleikarring på Leira i mange år, vore med i kulturstyre, oppvekstutval, kommunestyre og formannskap, har vore styremedlem i Valdresmusea, og er nå leiar i Vennelaget for Valdres Folkemuseum og Valdres mållag.

Ho er også tidlegare mangeårig styremedlem og nestleiar i Noregs Mållag. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no