Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Verving av nye medlemer

 (21.11.2013)

Noregs Mållag har fått fleire tusen nye medlemer siste åra. Den mest effektive måten å verva nye medlemer på er å spørja folk om dei ynskjer å verta medlemer i Noregs Mållag. Ofte er det slik at folk set pris på å få spørsmålet og at du får eit positivt svar.

For nye medlemer kostar det 200 kroner å bli medlem i Noregs Mållag. Det vil seia at dei som vert medlemer no, ikkje får ny medlemspengegiro før i 2015.

 

Kvifor bli medlem i Noregs Mållag?
Det er mange grunnar til å bli medlem. Her er nokre av dei:

> Nynorsk har ein solid posisjon i Noreg. I dag er det kring ein halv million nordmenn som reknar nynorsk som sitt språk. Noregs Mållag arbeider for at alle skal få kunna bruka nynorsk, og at nynorsk skal kunna brukast når som helst og kvar som helst.

> Me har fått ei ny regjering med Høgre og FrP som begge har vedtak på at dei vil gjera sidemål valfritt og endra mållova. Difor vil Noregs Mållag vere ekstra påpasseleg i sitt arbeid den neste fireårsperioden og følgja regjeringa og Stortinget tett for å sjå til at nynorsken vert hegna om. Fleire medlemer gjer Noregs Mållag til ein sterkare organisasjon i dette arbeidet.

> Fleire medlemer gjev viktige inntekter til både lokalt og sentralt målarbeid.

> Mange stader i Noreg er det aktive lokallag som har kjekke aktivitetar det går an å bli med på.

Bli medlem på SMS!
Den enklaste måten å melda seg inn på er å senda ein sms med kodeord NYNORSK til 2490.  Prisen på kr 200 for medlemskap det fyrste året vert lagt til mobilrekninga, så ein positiv effekt er at dei som melder seg inn på denne måten, betaler med det same.

Vervekort
Det er laga heilt nye vervekort. Då kan du eller den du vervar, sjølv skriva namn og personlege opplysningar på eit vervekort. Dette kortet er førehandsfrankert, og skal sendast til sentralt. Deretter får den nye medlemen velkomstpakke og giro i posten.

Flygeblad med giro og anna materiell
Noregs Mållag har eigne verveflygeblad med giro slik at folk kan melda seg inn ved å betala 200 kroner. Me har også mindre flygeblad og vervekort der det står om sms-innmelding, i tillegg til informasjon om at ein kan melda seg inn via nettsidene til Noregs Mållag.

Verving via Facebook eller e-post
Siste åra er det fleire som har brukt Facebook aktivt til å verva medlemer til Noregs Mållag, anten ved å senda ei melding direkte til aktuelle kandidatar eller ved å skriva om verving i eigen status. Ein kan også senda spørsmål direkte til folk på e-post.

Stand - eit fint kontaktpunkt
Stand er ei av dei mest brukte aksjonsformene i organisasjons-Noreg. Fordelen er at laget får synt seg fram i lokalmiljøet, i tillegg til at ein får direkte kontakt med folk. Somme får til å verva medlemer på stand, medan andre får til ein god prat. Begge delar er viktige for å vera synleg på ein positiv måte i lokalmiljøet.

De kan tinga materiell frå Noregs Mållag via Krambua på nettsidene til Mållaget (www.nm.no). Me har til dømes ulike verveflygeblad, vervekort, aktuelle flygeblad, Norsk Tidend, jakkemerke og ballongar. Avhengig av kva som er på lager, er det også mogleg å tinga standsutstyr og T-skjorter. NB! Hugs å tinga i god tid.

Tips og idear
> Tilbod om gratis kaffi. Vaflar, muffins og kake er endå meir populært …
> Musikk, song eller anna underhaldning.
> Ordtevling eller quiz. Folk skal tippa kva ulike ord tyder.
> Ha gjerne aksjon når det er torgdagar og andre liknande tilskipingar.
> På private handlesenter er det ulik praksis med å gje løyve til å ha stand. Undersøk på førehand!
> Ein kan koma borti mange diskusjonar når ein har aksjon. Bruk tilfanget til Mållaget aktivt. Lytt til kva dei andre seier og hjelp kvarandre om naudsynt. Ofte oppdagar ein at det er både kjekt og inspirerande å ha aksjon. Folk kjem gjerne bort berre for å fortelja at dei stør saka.
 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no