Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ikkje uroleg

 (22.11.2013)

– Landet er styrt av to parti som gjekk til val på å gjere sidemålsundervisninga frivillig. Det treng ikkje vere eit problem, seier Sveinung Rotevatn, i dette intervjuet med Norsk Tidend

Midt i forhandlingane om ei felles regjering mellom Venstre, KrF, Frp og Høgre sa Per Sandberg, nestleiar i Frp, at ”nynorsk vil ikkje vere den saka som vil felle ei regjering”. No hamna ikkje Venstre i regjering,  men vart i staden eit støtteparti i Stortinget. Venstre har programfesta ein solid målpolitikk, og både leiar Trine Skei Grande og nestleiar Ola Elvestuen har forsikra urolege målfolk om at nynorsk er like viktig no som det var før valet.
Det er han også for Sveinung Rotevatn, nyslått stortingsrepresentant for Venstre og Sogn og Fjordane. Og styremedlem i Noregs Mållag. 
– Eg kjem med den bagasjen eg har, seier Rotevatn.
– Eg har bakgrunnen min frå heimfylket mitt Sogn og Fjordane, og frå dei organisasjonane eg har valt å engasjere meg i. Eg snakka også mykje målsaka i valkampen, så eg trur ikkje veljarane skal vere overraska over kva eg kjem til å vere oppteken av. Venstre har eit godt program, og eg trur dette gjev meg ei god plattform.

– Blir du målrørsla sin mann på tinget?
– Eg representerer fyrst og fremst fylket mitt, men eg er definitivt tilsnakkande.  

Ingen omkamp
Rotevatn reknar det lite sannsynleg at regjeringa kjem til prioritere å gjere om på den nye læreplanen i norsk. Han trur det vil koste meir enn det smakar.
–Inga regjering vil kjempe tapte kampar, det vil koste for mykje prestisje, seier Rotevatn.
– Den runden med norskfaget som me no har vore i gjennom var ekkel, men nyttig. Framlegget som låg i botn ville ha vore ein katastrofe for nynorsk, men så greidde me å tilkjempe oss ein god ende. Det kom av at gode krefter i mållaget, regjeringsparti og opposisjonspartia spelte på lag. Så det ville ha blitt tøft å gje seg i kast med norskfaget på ny. Samstundes er det sterke nynorskfiendtlege krefter som no sit posisjon, og ein skal ikkje undervurdere dei.

– Men du er optimist?
– Ja, eg er det. Dei har ikkje fleirtal i Stortinget, og det veit regjeringa. Det fordrar sjølvsagt at dei gamle regjeringspartia held seg til det dei vedtok i posisjon. Arbeidarpartiet har jo ikkje eit forpliktande ord om nynorsk i programmet sitt. Om dei skulle kome til å endre standpunkt, så kan ting kome i spel.

Gode folk i alle parti
– Er det nokon sjanse for at det kjem til å hende?
– Som venstremann må eg jo seie at AP aldri har vore å lite på i målsaka. Men heldigvis finst det enkeltpersonar og gode krefter som me må arbeide saman med, og som stort har greidd å halle partiet mot den rette avgjerda. Også for Arbeidarpartiet var runden med norskfaget lærerik og god. Så eg er ikkje veldig uroa over kva dei vil gjere dei neste fire åra. Eg ser ikkje nokon grunn til at dei skal snu. Me skal nok vere glade for at SV og SP styrte saman med dei, på same måte som KrF og Venstre er naudsynte samarbeidspartnarar for den ny regjeringa. Det er ikkje slik at du kan skilje dei nynorskvenlege ved å gå etter partigrensene. Dette går på tvers av partia og den politiske skalaen, og eg har trua på at det dette vil gå bra om me greier å arbeide saman slik me har gjort før.

– Sjølv med ein kunnskapsminister med bakgrunn som leiar i Unge Høgre?
– Det er eit langt stykke frå å vere Unge Høgre-leiar til å vere kunnskapsminister. Eg trur Torbjørn Røe Isaksen kan kome til å gjere gode ting for nynorsken. Det einaste som er varsla i regjeringsplattforma, er at dei skal betre sidemålsundervisninga. Sjølvsagt er det usikkert kva som ligg i det, men det er det uråd å vere i mot. Kunnskap er eit hovudsatsingsområde for regjeringa, og er veldig viktig både for Høgre og for Venstre. For oss som er opptekne av kunnskapspolitikk, trur eg difor det kan kome til å hende mykje positivt dei neste fire åra. Frykta er at me kjem til å vere på defensiven denne perioden, og forsvare det me har. Eg ser i staden eit høve til å styrkje nynorsken sine kår. Godt mogleg at eg er altfor optimistisk, men det er eit sunt utgangspunkt.


Meir danning
– Høgre har eit veldig pragmatisk syn på det med kunnskap; han skal fyrst og fremst vere nyttig.  
– Det er ein grunn til at eg er medlem i Venstre og ikkje i Høgre. Me kan vere samde om verkemiddel, men me skil oss i eit grunnleggjande syn på kva kunnskapen er til for. Me meiner at det som hender er læring for livet, medan Høgre litt for ofte meiner at det er læring for næringslivet. Danninga sin plass i skulen har vorte svekt dei siste åra, og eg trur me må vurdere om det er særleg lurt. Samstundes skal me passe oss for å køyre einsidig på at nynorsk er eit kulturspråk. Då er vegen kort til at emnet hamnar innunder historiefaget. Me må også argumentere for den praktiske nytteverdien, som er reell og som nok er lettare å forstå for breiare lag av befolkninga.

– Dette må vere eit bra Storting å debutere i?
– Me ville nok helst ha sete i regjeringa, men det ein heilt grei bonus at makta er flytta inn i stortingssalen. I den førre perioden var Kontroll- og konstitusjonskomiteen den mest aktive, og det er eit sjukdomsteikn. No er det ein situasjon der alle partia kan spele ei rolle, og ingen står på sidelinja. For oss representantane er konsekvensen ein travel kvardag. Usannsynleg travelt. Det er ikkje berre å gjere intervju og markere seg media og skrive lesarinnlegg. No må me utøve politikk.

Kjartan Helleve, Norsk Tidend
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no