Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Det fleirspråklege Noreg treng ei Mållov

 (26.11.2013)

Språkrådet har vurdert mållova og har konkludert med at Hordaland politidistrikt skal twitra på nynorsk. Det nye er at mållova òg skal gjelda på Twitter. Det har ført til reaksjonar.

Det opprører folk at statstilsette ikkje kan skriva på det språket dei vil når dei er på arbeid, og at publikum må lesa twittermeldingar på eit anna språk enn det dei sjølve nyttar. Men slik er det altså i Staten. Slik er det å leva med ei mållov. 

Somme trur at me ikkje treng mållova, språka våre vil blomstra fritt av seg sjølve. Slik er det ikkje. På ein fri språkmarknad gjeld dei same mekanismane som på andre frie marknader. Den største vinn over dei mindre. Når nynorskbrukarane hamnar i mindretal, vert det vanskelegare å halda på språket sitt. Mållova skal forsøka å vega opp for slike mekanismar. 

Språk er ikkje natur. Det er politikk. Til liks med svært mange statar i Europa er Noreg ein fleirspråkleg stat, og ein fleirspråkleg stat kan ikkje opptre språkleg nøytralt. Kvart einaste ord staten skriv, krev eit språkval. Vel ein eitt, vel ein vekk eit anna. Staten, kommunar, fylkeskommunar og alle statlege etatar skal ikkje berre fakka tjuvar, handsama søknader og byggja vegar. Dei skal òg passa på språka våre. Det gjer staten ved å vera ein aktiv og medviten språkbrukar og språkopplærar. Å bruka eit språk er den viktigaste måten å fremja og verna eit språk på. I Noreg gjeld det nynorsk, I Spania gjeld det katalansk og baskisk, i Wales walisisk. I internasjonal samanheng er mållova på ingen måte unik.

Mållova gjeld berre i det offentlege. Det er til dømes forbode å nytta nynorsk i VG, Dagbladet, Aftenposten og Dagens Næringsliv. Hjå nokre av dei viktigaste skriftprodusentane våre finst altså ikkje nynorsk. Her får bokmålet rå åleine. Fordi dei tilsette ikkje får skriva det språket dei vil på arbeid. Sjefredaktøren avgjer språkvalet deira. Konsekvensen blir deretter.

Mållova finst for å ta vare på det språklege mangfaldet i Noreg. Mållova er viktig for at alle i Noreg skal kunna sjå nynorsk i ålmenta. Det medfører at nokre twitrande politifolk i Bergen må skriva nynorsk.  Det er ingen skandale. Det vitnar berre om ein medviten stat.

Marit Aakre Tennø
Leiar i Noregs Mållag
 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no