Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Godt Sunnmørsseminar

 (28.11.2013)

Bilete: Møre-Nytt / Joachim Åsebø

– Me er særs godt nøgde med Sunnmørsseminaret i år, seier Terje Kjøde, leiar i Sunnmøre Mållag og styremedlem i Noregs Mållag. Seminaret var på Hotell Ivar Aasen i Ørsta 23. og 24. november. (Foto: Møre-Nytt / Joachim Åsebø)

– Det var fleire som gav uttrykk for at det var eit av dei beste seminara dei nokon gong hadde teke del på. I alt var det  28 deltakarar på seminaret, flest frå Sunnmøre, men også Nordmøre, Romsdal og Sogn og Fjordane var representerte. Eit lite skår i gleda var det at somme kunne vere med berre ein dag, seier Terje Kjøde. Til gjengjeld var det særs kjekt at det nyskipa Sande mållag og Søre Sunnmøre målungdom begge stilte med to deltakarar.

– Ingar Arnøy snakka både om det vitskaplege i Ivar Aasen sitt arbeid og om korleis me kan styrkje målrørsla ideologisk og organisatorisk, fortel Terje Kjøde. Han fortel vidare at Ingar Arnøy med glødande engasjement, innsikt og kunnskap, og ikkje minst frodig humor, tok forsamlinga med storm. Ingar Arnøy peikar på at det er ikkje folk sitt talemål som avgjer om dei skriv bokmål eller nynorsk. Det som er avgjerande, sa han, er måten folk tenkjer på. Han framheva at Noregs Mållag er ein av landets største kulturorganisasjonar og at dette er eit godt utgangspunkt for målarbeid.

Eit viktig mål for seminaret var å auke kunnskapen om og å gå nøye gjennom argumenta for nynorsk som sidemål. Vebjørn Sture innleidde med ein systematisk og pedagogisk gjennomgang med utgangspunkt i boka «Kvifor sidemål», som han og Janne Nygård har skrive. Etter foredraget øvde deltakarane i grupper på tre på å gå gjennom og å prøve ut argumenta.

Kristian Fuglseth frå Sunnmøre Mållag og Jostein O. Mo frå Ørsta Mållag  innleidde til samtale om arbeidet i lokal- og fylkeslaga. Det kulturelle innslaget sto Terje Aarset og Terje Kjøde for i ein lengre samtale om førstnemnde si nyutkomne praktbok Symra, som i røynda er ei bok om Symra.

Ved starten av seminaret fekk dei seks femteklassingane ved Åmås friskule kvar si årstinging av Norsk Barneblad. Dette var ei påskjøning for det syngjespelet om Ivar Aasen som skulen framførte i Aasen-tunet tidlegare i år.
 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no