Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Fekk nynorskpris

 (29.11.2013)

Dagleg leiar for NRK Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten (59), har fått Nynorsk redaktørpris 2013. Prisen vart tildelt for framifrå innsats for nynorsk som mediespråk. 

– Vi har sendt ifrå oss 90 journalistar, og 66 av desse har fått jobb i NRK. Det er vanskeleg å vite om dette har hatt noko å seie for den auka nynorskprosenten i NRK, men det kan vere ein del av grunnlaget, seier Magni Øvrebotten.

– Det som står att er at redaktørane og redaksjonane vert meir medvitne om at dei treng journalistar som er gode i nynorsk, og at det viktig at dei har fleire journalistar i redaksjonen som brukar nynorsk i det daglege, seier Magni Øvrebotten.

– Korleis meiner du utviklinga for nynorsken er i NRK?

– Eg meiner det går rette vegen, men det er opp og nedturar. Det er heilt klart at det er liten aktiv motstand i redaksjonane, men det er derimot lite medvit om nynorsk. Og det er veldig ulikt kor opptekne redaksjonane er av nynorskbruk. Men det er heller ikkje så mange andre stader du fritt kan arbeide og bruke språket, seier Magni Øvrebotten.

– På nettsidene har NRK om lag 14 % nynorsk, og hadde det ikkje vore for NRK Sogn og Fjordane, ville det sett ravgale ut, seier Magni. Ho peikar på at målet om 25 % nynorsk i alle kanalar står fast, og at dette også gjeld nettsidene. 

– Sender Nynorsk mediesenter i frå seg ”agentar” for nynorsken?
– Det er veldig individuelt. Somme er i stand til å argumentere for nynorsken, og andre ikkje. Det er også ulikt kva slags redaksjon dei møter. I nokre redaksjonar tykkjer redaktøren det er greitt med nynorsk, medan andre ikkje er så positive. Men eg vil vel forvente av vaktsjefar med bakgrunn frå Nynorsk mediesenter at dei er opptekne av å følgje opp og leggje til rette for at journalistar som kan bruke nynorsk, brukar nynorsk, seier Magni Øvrebotten.

Ny språksjef
Ragnhild Bjørge er tilsett som språksjef i NRK. Ho har tidlegare bakgrunn frå Nynorsk mediesenter og ho har vore mellom anna journalist og vaktsjef i Dagsnytt. Magni Øvrebotten tykkjer det er bra at NRK har funne ut at det er så viktig med språk, at dei tilset ein eigen språksjef. Det er viktig at den nye språksjefen både har god greie på språk og på journalistkvardagen i ein nyhenderedaksjon.
– Det er eit breitt arbeidsfelt, og svært høge forventningar til kva språksjefen skal utrette. Vi har fått språkreglar som opnar for mykje meir dialektbruk, og det å røkte dialektbruk er ikkje berre berre, seier Magni Øvrebotten. Ho legg til at ho tykkjer det er strålande kjekt at det er Ragnhild Bjørge som har fått jobben.

Fordommar i riksavisene
Magni Øvrebotten meiner det er sørgjeleg at det framleis er så mange redaktørar som dyrkar fordommane sine mot nynorsk.
– Alle språkundersøkingar syner at vi forstår kvarandre, og eg meiner det er meir å vinne enn å tape på å opne for nynorsk. Nynorsk er eit jamstelt språk og burde også blitt opna for i dei store riks- og regionavisene, slår Magni Øvrebotten fast. Ho meiner at språkpolitikken i desse avisene er berre trist og gammaldags.
– Det er gledeleg å sjå at nokre aviser går rette vegen, seier Magni Øvrebotn.

Nynorsk i journalistutdanningane
Ho fortel at tidlegare kringkastingssjef Bjerkås la fram desse samanliknande tala i 2010. Mellom 2007 og 2009 var det uteksaminert 621 studentar ved medieutdanningane i Bodø, Volda, Stavanger, Oslo og Kristiansand. 51 av desse var nynorskbrukarar, og halvparten av desse kom frå Volda. Det var 30 journalistar som fekk si utdanning hjå Nynorsk mediesenter på desse tre åra.
– Han peika den gongen på at NRK ikkje kunne ta nynorskløftet for journalistane åleine. No måtte også journalistutdanningane vere med på løftet. Eg har ikkje registrert noka endring til at journalistutdanningane har fått noko auka medvit om ansvaret dei har for også å gje god nynorsk journalistutdanning, seier Magni Øvrebotten. Ho legg til at hjå A-media er det eit veldig viktig og heiderleg unntak. Dei har vore med på å finansiere den nye journalistutdanninga hjå Nynorsk avissenter, eit viktig grep for å sikre nye nynorske journalistar.
 

Hege Lothe / Norsk Tidend 5 / 2013
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no