Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 28. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Uro for endring av pressestøtta

 (03.12.2013)

Regjeringa har sendt eit framlegg om endringar i pressestøtta ut på høyring. Framlegget går mellom anna ut på å kutte stønaden til aviser med eit opplag på mellom 4000 og 6000. Mellom dei avisene som vil bli råka av eit slik kutt, finn ein 10 reine nynorskaviser.

Regjeringa skriv sjølv i høyringsbrevet at nokre av avisene vil få det tøft om tilskotet vert fjerna, og Noregs Mållag er uroa for kva konsekvensane kan bli.

– Desse avisene er åleine i sitt område, og forsvinn ei av dei, vil det ha store demokratiske konsekvensar i området avisa dekkjer, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag. 

– For nynorskavisene er det ei dobbel uro fordi avismangfaldet i Noreg er med på å halde språket oppe. Alle språkbrukarar treng å sjå språket sitt for å halde på det, seier Marit Aakre Tennø.

– Mange stader er lokalavisene heilt avgjerande for at folk skal kunne sjå nynorsk i skrift, så lenge dei store riksavisene ikkje opnar for nynorsk i spaltene sine. Forsvinn ei nynorskavis, er dei fleste stadene det næraste alternativet ei regionavis på bokmål. Både demokratiet og språkmangfaldet er avhengig av stort avismangfald. Kvar einaste lokalavis er viktig i Noreg. Det vil vere uklokt å kutte i stønaden i ei tid der aviskvardagen er vanskeleg nok som han er.

Les om saka i Vikebladet Vestposten og i Framtida.no

Les oversikt over kva aviser dette gjeld hjå Medietilsynet

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no