Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Fest for Språkåret

 (05.12.2013)

«Året som aldri sluttar» er tittelen på avslutningsprogrammet for Språkåret fredag 6. desember i Ivar Aasen-tunet i Ørsta.

Hundrevis av tilskipingar er laga over heile landet etter at Språkåret 2013 opna i Kristiansand 2. januar. På avslutningsfesten viser dei litt frå alt som har skjedd, og noko ingen har høyrt før. Avslutningsfesten er eit samarbeid mellom Nynorsk kultursentrum og Språkåret 2013. Ida Habbestad leier arrangementet.

Forfattarar og musikarar frå øvste hylla
Brynnjulf Jung Tjønn vann nyleg Brageprisen i klassa for barne- og ungdomslitteratur. I romanen Så vakker du er skriv han lett om noko tungt, og vakkert om noko vondt.

Senjaværingen Moddi gav ut plata Kæm va du i haust, og for første gong syng han på norsk, til svært gode kritikkar. Mangfaldige og flotte Sigrid Moldestad er felespelar, songar, skodespelar og slåttekomponist i eitt, og har fleire Spelemannprisar på samvitet. Publikum får mellom anna høyre songar frå eit nytt album som kjem til våren.

Les meir om Språkåret 2013 og om avsluttningsfesten i Ivar Aasen-tunet

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no