Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til Høgskolen i Bergen

 (12.12.2013)

Når 7000 studentar og 700 tilsette skal ta i bruk det staselege nybygget til HiB på Kronstad til våren, skal dei finne vegen både inn og ut att med hjelp av skilt og instruksjonstekstar på nynorsk. Det er ein pris verd, meiner Hordaland Mållag. Biletet er i frå byggjeplassen på Kronstad i Bergen og teke av Mauricio Pavez som er tilsett ved Mediesenteret ved HiB.

I dag torsdag 12. desember fekk rektor Ole Gunnar Søgnen prisen på sitt kontor i Nygårdsgt. 112 av Astrid Olsen, leiar i Hordaland Mållag og Oddvar Skre, leiar i skulemålsnemnda.

Høgskolestyret gjorde vedtaket om skilting og instruksjonstekstar på nynorsk i mai 2012. Vedtaket gjeld for  det nye undervisningsanlegget til 2.6 milliardar kroner som no snart står ferdig. 

Bakgrunnen for vedtaket i høgskolestyret: 
> Det er i samsvar med likeverds- og jamstellingsprinsippet i mållova (§ 1) at fleire statlege bygg og uteområde vert skilta på nynorsk.
> Mange statsorgan skriv altfor lite nynorsk. Det er uheldig at staten på denne måten ikkje respekterer grunnleggjande lovkrav om mist 25 % nynorsk. Dermed vert også den nynorske målforma for lite synleg i det offentlege rommet.
> Høgskolen i Bergen er den største og mest sentrale høgskolen på Vestlandet, og er ein viktig forvaltar av nynorsk kultur og språk.
> Med skilting på nynorsk vil høgskolen vere med å ivareta deler av det kulturelle mangfaldet i samfunnet som ein ellers verdset høgt.
> Både verksemdsmøtet og studentparlamentet, som til saman representerer store deler av dei framtidige brukarane på Kronstad, var positive til skilting og instruksjonstekstar på nynorsk.

Les meir om saka hjå Hordaland Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no