Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. JANUAR 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Gode tider i Framtida

 (02.01.2014)

Aldri før har så mange lese Framtida.no som i 2013. I løpet av året har over 300.000 unike brukarar vore innom nyhende- og debattavisa for unge. Det er ein auke på over 50 prosent samanlikna med året før. Talet på daglege og vekentlege brukarar har også auka. På ei vanleg veke i haust har det vore mellom 8-10.000 unike brukarar på Framtida.no.

I løpet av året har Framtida.no sette fleire nye dags- og vekesrekordar. I oktober sette Framtida.no ein rekord som blir vanskeleg å slå. Då var 50.000 unike brukarar innom på ei veke. Dette skuldast i stor grad førsteplassen på lista over dei mest lesne sakene våre i år - som gjekk som varmt kveitebrød i sosiale medium.

Svein Olav B. Langåker
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no