Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ros til Sogn og Fjordane fylkeskommune

 (20.01.2014)

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes har på vegner av Sogn og Fjordane fylkeskommune invitert kulturminister Thorhild Widvey til Sogn og Fjordane for eit språkpolitisk møte. Målsetnaden er at statsråden skal verte kjend med nynorskfylket og at vitjinga kan vere til inspirasjon i det vidare arbeidet med å styrkje, synleggjere og drøfte stoda for det nynorske skriftspråket og styrkje nynorsken sin posisjon.

Noregs Mållag set stor pris på dette initiativet. Det er viktig at kulturministeren får høve til å sjå korleis nynorsken ser ut, sett frå Sogn og Fjordane. Her er nynorsk majoritetsspråket og har styrkt seg dei siste tjue åra. Både mållov og obligatorisk sidemålsundervisning i heile landet har medverka til at stoda er som ho er i dag i fylket. I dag er den jamne innbyggjaren i Sogn og Fjordane stolt av eige språk, og det er viktig at Sogn og Fjordane tek på seg leiartrøya i arbeidet for nynorsk.

Kulturminister Thorhild Widvey er sentral i utviklinga av norsk språkpolitikk, og både styrken til og utfordringane for nynorsk som bruksspråk er viktige å få fram.

Noregs Mållag opplever at Sogn og Fjordane fylkeskommune tek framtida for det nynorske skriftspråket på alvor. Særleg gjennom den språkpolitiske satsinga i fylkestinget med etablering av eit nynorsk forum for å styrkje nynorsken sin posisjon – der både private og offentlege aktørar er representerte.

Noregs Mållag ynskjer å oppmode andre fylke om å diskutere stoda for nynorsken i eige fylke, og å diskutere med sentrale styresmakter kva utfordringar ein har for å halde oppe nynorskbruken.

Les meir om invitasjonen og bakgrunn for saka

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no