Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Er språkval alltid ein menneskerett?

 (31.01.2014)

Ingen ting er betre enn når dei aller fremste av våre forfattarar er ute og rasar over nynorsken sin posisjon. Fyrst var det Den Nationale Scene i Bergen som fekk kjenna piskeslaget til Jon Fosse. Dagen etter hadde Aftenposten omsett eit intervju med forfattaren til bokmål. Det er kjekt for oss målfolk å sjå ein storleik som Fosse ruva i dagspressa dag etter dag og få aviseredaktørar og teatersjefar til å krypa.

Men er det ein menneskerett å få skriva nynorsk? Mållaget har lenge ynskt seg meir nynorsk i rikspressa. I dag held dei tre største avisene på papir og nett seg med eit redaksjonelt forbod mot nynorsk. Problemet med eit slikt forbod er at det styrkjer bokmålet sin dominans i ålmenta. Det er denne ålmenta som gjer at ungar i nynorskområde meistrar bokmål før dei tek til å læra det på skulen, medan ungar i bokmålsområde nesten ikkje har sett nynorsk på prent før dei skal taka til med nynorsk som sidemål. Meir nynorsk i avisene ville gjeve både nynorskelevar og vaksne nynorskbrukarar meir støtte for eige språk, fordi dei ville få lesa det oftare. Samstundes ville det gjort at dei som ikkje veks opp i sterke nynorskområde, ville sett meir nynorsk i ålmenta. Slik ville dei lettare læra og nytta nynorsk. Som me veit, er det ikkje nynorsken i seg sjølv som gjer han vanskeleg å læra, men fråværet av han rundt oss. Meir nynorsk ville gjera det lettare både å læra og å ta i bruk nynorsk, for alle.

”Slepp nynorsken til!” var slagordet på Noregs Mållag sin kampanje i 2005. Det var lett å samla stønad den gongen, og det ser det ut til å vera no òg. Men den gongen, som no, bør grunngjevinga for kampanjen vera det språklege ansvaret for eit mindre brukt språk. Målet bør vera meir nynorsk. Me ser gong på gong at nynorskbrukarar byter til fleirtalsspråket i det dei hamnar i solide bokmålsfleirtal. Norske språkbrukarar sitt skifte frå nynorsk til bokmål skjer proporsjonalt med bokmålsbruken på den staden som språkbrukarane er. Difor finst der mange journalistar i rikspressa som permanent har bytt til bokmål.

NRK er den største medieverksemda i Noreg, og her rår den språklege fridomen, i alle fall på papiret. NRK har ein medviten politikk for nynorskbruk i etermedia og på nett: Det skal vera minst 25 prosent nynorsk. Men trass i full språkleg fridom, finn eg per 27. januar klokka 10.46 berre éi sak på nynorsk på nrk.no. Ho er publisert av NRK Hordaland og skriven av ein praktikantane frå Nynorsk mediesenter. Dette er eit typisk døme på korleis det språklege mangfaldet ovrar seg. Storparten av nynorsktekstane på NRK si sentrale nettside er produsert ute i dei nynorsknyttande distriktskontora, der journalistane i større grad er omgjevne av nynorsk. Likevel dominerer bokmålet, på kostnad av nynorsk. Slik kan nrk.no fungera som eit frampeik på mengda nynorsktekst som vil koma på trykk i dei store riksavisene om ein opphevar det språklege forbodet.

Om journalistane fritt skal få velja kva språk dei vil skriva i norske aviser, nynorsk eller bokmål, vil det også bli vanskelegare for nynorske medieinstitusjonar å hegna om nynorsken. Nynorsk i nett- eller papiraviser er staden der flest les nynorsk. Difor er desse avisene og nettstadene veldig viktige for å halda oppe nynorsken. Det sterkaste fundamentet for nynorsk finst der avisene vert redigerte på nynorsk. Bokmålsjournalistar får i dag stort sett skriva på bokmål fordi dei har ei rad aviser å velja imellom. I ei verd der fleirtalet skriv eit anna språk enn oss, vil kravet om full språkleg fridom også koma frå journalistar som skriv bokmål, ikkje berre frå dei som skriv nynorsk. Då er det rein matematikk som skal til for å sjå at det endelege resultatet vert meir bokmål. Krav om nynorsk i riksavisene kan og bør ikkje prinsipielt fylgjast av krav om meir bokmål i til dømes NRK Hordaland, NRK Sogn og Fjordane, Firda, Dag og Tid og Syn og Segn. Poenget må vera å sikra levedyktigheita til nynorsken, ikkje til bokmålsjournalistane.

Sterk språkassimilering i majoritetsspråksområda og 500.000 nynorskbrukarar som fyrst og fremst bur grisgrendt til på Vestlandet og tilsluttande dalføre har lite å stilla oppe med i møte med 5 millionar bokmålsbrukarar og store aviseredaksjonar plasserte i Oslo. Utan ein medviten nynorskpolitikk med meir nynorsk som mål er det vanskeleg å vega opp for fleirtalspresset i dei store redaksjonane. Skal nynorsken veksa seg sterkare, må han hegnast om. Det skjer ved at han slepp til i rikspressa, men ikkje ved meir bokmål i nynorskmedia og i nynorskområda.

Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag 

Leiarteig i Norsk Tidend 01/2014. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no