Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Redd kutt vil føre til færre nynorskbøker

 (07.02.2014)

- Den nynorske litteraturstøtta er ei av dei ordningane som vert hardast råka av kutta til Kulturrådet, seier leiar i Noregs Mållag Marit Aakre Tennø.

I dag kompenserer denne stønadsordninga for at den norske marknaden er vanskelegare for nynorskbøker enn for bokmålsbøker. Om færre utgjevingar no får støtte, er Mållaget redd fleire bøker som kunne verte gjevne ut på nynorsk, vert gjevne ut på bokmål fordi det er eit tryggare val for forlaga.

Noregs Mållag er skuffa over at Kulturrådet no ser seg nøydd til å kutte produksjonstilskotet til nynorsk litteratur med heile 1,1 mill. Kuttet skjer etter at regjeringa har kutta 10 mill i støtte til Kulturrådet.

I dag er mange nynorskbøker frå dei minste forlaga heilt avhengige av den nynorske litteraturstøtta for å kome ut i marknaden. Utan støtte vert mange viktige prosjekt liggjande i skrivebordskuffa.

For nynorskbrukarane er god tilgang til nynorsk tekst heilt avgjerande for å kunne halde på språket sitt. Difor er ordningar som den nynorske litteraturstøtta viktig.

I 2013 fekk over 30 bøker tilskot frå ordninga. Utan dei hadde det òg vore 30 bøker mindre som kan konkurrere om plass i innkjøpsordninga og den vide spreiinga bøkene får der.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no