Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Norsk Barneblad-kampanje med suksess

 (11.02.2014)

– Denne kampanjen byrja i haust. Då vart vi igjen kontakta av Bø Mållag, som i mange år har betalt Norsk Barneblad-abonnement til born i Bø. Eg spurde Dag Hallvard Østtveit om han kunne tenkje seg å skrive ei tilråding til andre lokallag for å gjere eit slikt arbeid. Det gjorde han gjerne, fortel Nana Rise-Lynum, redaktør i Norsk Barneblad.

– Vi laga til eit brev som vart sendt til alle lokallaga i Noregs Mållag. Eg hadde kanskje venta ein respons frå eit par lag. Men til no har godt over 10 lokallag svara og sagt at dette vil dei vere med på.

– Til no har vi har fått over 600 fleire born som les Norsk Barneblad, fortel Nana Rise-Lynum. Det fungerer slik at lokallaget tek kontakt med aktuelle skular og spør om dei kan tenkje seg å ta imot Norsk Barneblad éin gong i månaden, og bruke bladet på skulen. Det er gjerne 5. klasse som er aktuelt for dette tilbodet. Så er det lokallaget som betaler rekninga, medan elevane og lærarane brukar bladet.

(Foto: Solveig Lima) 

God tilbodspris
I dag er det høge portokostnadar når ein sender ut barnebladet. Ved å sende ut klassesett til ei adresse vert desse kostnadene sterkt reduserte. Det gjer at Norsk Barneblad kan tilby ein låg pris til dei lokale mållaga som ynskjer å betale Norsk Barneblad på denne måten.

– Vi veit at barnebladet vert brukt i klasseromma, og vi får svært gode tilbakemeldingar frå lærarane. I barnebladet kan dei lese alle typar forteljingar, det er artiklar der som kan nyttast i fleire fag, og det vert sjølvsagt brukt som lystlesing, seier Nana Rise-Lynum. Denne kampanjen når både bokmålsskular og nynorskskular.

– Det er godt for alle å lese nynorsk og det er kjempeviktig å lese nynorsk andre stader enn i bøkene.
I dag har Norsk Barneblad om lag 3000 vanlege abonnentar, og desse 600 nye kjem i tillegg. Nana Rise-Lynum fortel også at dei merkar at når skuleabonnementet går ut, er det fleire av borna som tydelegvis får overtalt foreldra til å halde fram å abonnere på bladet.

Godt motteke
Gjennom fleire år har Mållaget i Kristiansand hatt eit samarbeid med nokre skular i Kristiansand. Mållaget har kome kvart år for å presentere nynorskbøker. No har dei kome med eit nytt tilbod.
– Vi tok kontakt med dei skulane der vi visste vi hadde positive lærarar eller bibliotekarar. Vi spurte om dei kunne tenkje seg å ta imot Norsk Barneblad til 5. klasse, fortel Solveig Lima, leiar i Mållaget i Kristiansand.
– Desse skulane har bibliotekarar og lærarar som er svært positive til nynorsk, så det er moro å kunne tilby dei dette. Til saman er det om lag 110 elevar som får Norsk Barneblad på skulen, seier Solveig Lima. Dei tre skulane er Lovisenlund skole ved Tove Kruse Birketvedt, Karuss skole ved Birgit N. Svalastog og Hånes skole ved Jan Robert Bjorvand og Arild Røyseland.

Hege Lothe / Norsk Tidend
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no