Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Eittspråkleg jubileum?

 (12.02.2014)

 

– Det er underleg at grunnlovsjubileet på sine eigne nettsider vel å framstille Noreg som nærast eittspråkleg, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

Stortinget har laga ein eigen nettstad om grunnlovjubileet, www.grunnloven200.no. Sidene inneheld smått og stort om Grunnlova, har aktuelle saker og ein kalender over tilskipingar. Målet er at nettstaden skal vera med på å ”skapa ei engasjerande grunnlovsfeiring som gjev auka forståing for utviklinga av folkestyret gjennom 200 år”.

– Sida er dominert av bokmål, fortel Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

– Øvst kan ein velja å sjå sida på anten norsk eller engelsk. Det er fleire spennande artiklar på engelsk, men ikkje ein einaste på korkje samisk eller kvensk … og svært lite på nynorsk. Det er underleg at jubileet på sine eigne nettsider vel å framstilla seg som nærast eittspråkleg. Dei har ikkje ein gong teke seg bryet med å registrera nettstaden www.grunnlova.2014.no, seier Tennø.

Eit rask søk stadfestar påstanden hennar. Ordet ”Norge” dukkar opp 134 stader på nettstaden. Ordet ”Noreg” er det berre 6 av. Aakre meiner at dette ikkje held, og at det heile er underleg når Stortinget samstundes handsamar eit framlegg om få ei Grunnlov på nynorsk.

– Vedtaket om å jamstilla bokmål og nynorsk vart gjort i 1885 og er eit vedtak som framleis står. Historia har gjeve oss både nynorsk og bokmål, i tillegg til samisk og kvensk. Det er difor både underleg og synd at grunnlovsjubileet ikkje gjer det språklege mangfaldet vi har i dag, meir synleg i dette viktige jubileumsåret, seier Aakre.

Ho seier at Mållaget har sendt brev til jubileumskomiteen og bede han ta omsyn til at Noreg er ein fleirspråkleg stat og syta for at det syner att i hjartet av jubileet, på nettsida og i anna profileringsmateriell. 

Nynorsk grunnlovsjubileumsillustrasjon

Kjartan Helleve, Norsk Tidend 1 / 2014
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no