Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Framgang for baskisk

 (13.02.2014)

– På tjuge år har talet på baskisktalande auka med 175.000 personar. Ein stor styrke for baskisk språk, seier Pello Salaburu ved Euskal Herriko Unibertsitateko/Universitetet i Baskerland i Bilbao. (Foto: Tuva Østvedt) 

Noregs Mållag var i Bilbao for ei tid tilbake og vitja mellom anna Universitetet i Bilbao. Der møtte me Pello Salaburu som la fram ei forvitneleg forteljing om vokster for baskisk mål. Etter at fascisten Franco døydde i 1975, blømde baskisk mål og kultur, til liks med andre nasjonale mål i heilstaten.

– Kvart fjerde år har me målingar om kva språk baskarane brukar, fortel Salaburu. Desse tala gjev oss eit tolleg godt oversyn over stoda og utviklingsdrag. Tala fortel oss mellom anna at medan 590 000 brukte baskisk i 1991, har talet auka til 714 000 i 2013. Dette er svært bra og gjev oss tru på framtida for baskisk språk.

 I mange land med minoritetsspråk, er det jamt dei eldre som held best på morsmålet. Korleis er stoda i her?

– Her synest det som om utviklinga er motsett. Dei som einast snakkar spansk og ikkje kan baskisk, er fyrst og fremst eldre folk. Dei yngre er i stor grad tospråklege, men det gjeld også her for det meste vest i Baskarland. Det som truleg er aller mest positivt, er at jamt fleire foreldre tek til å læra borna sine baskisk. Det siste målinga viser at 85 % av dei baskisktalande foreldra lærer borna sine baskisk, medan 7 % av desse foreldra lærer borna både baskisk og spansk. Ei svært bra utvikling, seier Pello Salaburu.

– Korleis er vilkåra for å læra baskisk i skulen, og å bruka målet i høgare utdanning?

– Både òg. Den største utfordringa har vore å utdanna nok lærarar som kan undervisa i språket i skulen. Den store auken i talet på baskisktalande siste to tiåra har ført til stor mangel på lærarkrefter. Dette er ei stor og viktig sak som me arbeider mykje med. Når det gjeld bruk av baskis på høgare utdanning, har det vore ei god utvikling: I dei fleste fag kan studentane velja kva språk dei ynskjer å studera faga på. Og det viser seg at dei baskiske «parallellklassane» er mykje større enn dei spanske!

– Det er viktig å peika på at stoda ikkje berre er god. I til dømes Provinsen Navarra der dei fleste berre snakkar spansk, har dei baskisktalande ingen språklege rettar. I Frankrike er det retteleg ille; den velmeinte, men bakstreverske språkpolitikken til republikken har vore til meins for så vel baskisk som andre nasjonale mål i Frankrike. Like eins står det sjølvsagt mykje att når det gjeld media og næringsliv. Men det kjenner de kanskje til frå Noreg også, spør Pello Salaburu.

Ingar Arnøy / Norsk Tidend 1 / 2014
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no