Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til advokat Steinulf Tungesvik

 (19.02.2014)

Prisvinnaren saman med styremedleme Ingvild Risnes Skeie og Gunhild Lauvsnes, og leiar Eirik Myking Midtbø. (Foto: Juristmållaget)

 

På årsmøtet i Juristmållaget i Bergen i går kveld fekk advokat Steinulf Tungesvik, Bergen, årets målpris. Han har over lang tid vore ein profilert talsmann for nynorsken, både som statssekretær og som leiar i Noregs Mållag og Juristmållaget.

Tungesvik, f. 1965, er opphavleg frå Skånevik i Sunnhordland. Etter å ha byrja vaksenlivet med Postskulen og seinare i Postdirektoratet, vart Tungesvik jurist i 1994. Han har sidan veksla mellom politiske verv i Senterpartiet, verv i mållaget og som forretningsadvokat i advokatfirmaet Kluge.

I politikken har Tungesvik sett spor etter seg som statssekretær, i Sosial- og helsedepartementet under sentrumsregjeringa, og i to periodar i Samferdselsdepartementet i den raudgrøne regjeringa. Mellom anna fekk han saman med minister Liv Signe Navarsete endra haldningane i Samferdselsdepartementet slik at departementet gjekk frå å vera blant dei dårlegaste til mellom dei beste i klassen til å følgja mållova.

Sidan 2000 har målprisvinnaren arbeidd i advokatfirmaet Kluge både i Oslo og Bergen i dei periodane han ikkje har vore statssekretær. Han har der konsekvent vist at nynorsk er ei levande målform i forretningsadvokatverda.

Juristmållaget vil likevel meina at han alt i 1998 nådde eit høgdepunkt i livet, då han vart leiar i Juristmållaget. Han hadde vervet til han våren 2005 tok over som leiar i Noregs Mållag, før han same haust vart henta som statssekretær. I tillegg har han vore leiar i Studentmållaget i Oslo.

I målrørsla har Tungesvik sett spor etter seg mellom anna ved å stå bak forprosjektrapporten Norsk ordbok 2014, minneseminar etter Knut Robberstad, lovmålsseminar for jusstudentar og ved å profilera kampanjen Slepp nynorsken til, retta mot riksavisene i hovudstaden.

Elles har han eller har hatt ei rekkje andre verv, til dømes som vararepresentant til Stortinget, leiar i Hordaland Senterparti, styremedlem i Norsk Bane AS, nestleiar i styret i Det norske Teatret og leiar i Norges Skiforbunds domsutval.

Juristmållaget gratulerer Steinulf Tungesvik med målprisen!

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no