Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til Jenny Klinge

 (28.02.2014)

Stortingsrepresentant Jenny Klinge får målprisen frå Nordmøre Mållag. 

– Jenny Klinge er i dag ein av dei fremste marknadsførarane av dialektene våre og nynorsk, og er i tillegg eit flott eksempel på at ein naturleg og god språkbruk er viktig i effektiv kommunikasjon, seier Trond Skogseth, leiar i Nordmøre Mållag. 

– Vi fekk inn fleire forslag på personar som har gjort viktige bidrag formålet vårt. Men i språkåret tykte vi det var rett å vektlegge den nasjonale dimensjonen som Jenny Klinge sin språkbruk har, seier Terje Skogseth.

– Ivar Aasen og andre la grunnlaget for at vi her i landet har eit språk basert på dialektene våre, men det at Jenny Klinge og andre offentlege personar bidreg aktivt til at dette språket blir synleg og høyrt, trur vi er avgjerande for at nynorsken skal få utvikle seg og leve vidare. Når Jenny Klinge til dømes talar frå Stortingets talarstol eller i NRK på klingande surn’daling, så kan det motivere andre til å nytte dialekta si, i staden for å tru at dei er tvinga til å knote på bokmål, seier Terje Skogseth.

Målprisen vil bli tildelt ei travel Jenny Klinge på eit passande høve seinare i vår. Først skal Nordmøre Mållag halde årsmøte på Angvik til helga, for å gjere opp status etter eit aktivt språkår og stake ut den vidare kursen for laget.

– Det nasjonale språkåret ga alle oss som brenn for norske språk eit løft. Håpet er òg at det kan få enda fleire til å engasjere seg i målarbeidet og det vi gjer for å sikre at dialektene og skriftspråket vårt ikkje blir overkøyrde av verken bokmål eller engelsk. Ta kontakt viss de ønskjer å støtte dette arbeidet, oppmodar Trond Skogseth.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no