Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Medlemsrekord i Austmannalaget

 (02.03.2014)

Austmannalaget er fylkeslag for Hedmark og Oppland i Noregs Mållag. Laget har siste åra hatt medlemsvekst og kan sjå tilbake på eit år med medlemsrekord. Laget fekk ein auke på 22 medlemer og har i dag 532 betalande medlemer. Det er høgste medlemstalet på 20 år.

– Det er mykje flott og spennande aktivitet i lokallaga våre, og det er svært inspirerande, seier Helen Johannessen, leiar i Austmannalaget.

Dei lokale laga som har hatt høgste medlemsauken er Hamar dialekt- og mållag, Hadeland dialekt- og mållag og Toten dialekt- og mållag. Medan det største lokallaget er Mållaget Ivar Kleiven i Vågå som har 100 medlemer og Fron Mållag med 87 medlemer. I Språkåret 2013 har lokallaga markert Ivar Aasen og nynorsken.

Nyvald styre ser slik ut: Leiar: Helen Johannessen, Hamar (attval). Styremedlemer: Kirsti Krekling, Lillehammer (attval), Olaf Nøkleby, Lena (ny), Solveig Elgevasslien, Folldal (ikkje på val) og Kari Elin Sperstad, Skjåk (ikkje på val). 1. varamedlem: Aksel Hagen, Lillehammer (ny) og 2. varamedlem: Kine Svori, Nord-Fron (ny).

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no