Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

LNK frå papir til nett

 (11.03.2014)

– Vi har trappa opp informasjonsarbeidet vårt, seier Vidar Høviskeland, dagleg leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Før nyttår kom siste utgåve av LNK-avisa, og no vert denne erstatta av eit anna informasjonstilbod.

LNK har gjeve ut avisa LNK-nytt sidan 2002. Avisa har hatt om lag 6000 i opplag og har kome ut seks gonger i året. Dei siste åra har portoutgiftene auka kraftig, samstundes som lysingsinntektene har gått ned, og det var på tide å tenkje nytt:
– Vi vil trappe opp satsinga på LNK.no på nettet og gå over til å sende ut eit nyhendebrev ein gong i veka. Dette nyhendebrevet vil ha same type stoffområde som avisa. Det vil sjølvsagt vere meir aktuelt, innehalde nyhendesaker som er relevante for medlemene våre, men lesarane vil også kjenne att fleire faste spalter frå papiravisa, seier Vidar Høviskeland.

– Vi vil sende brevet ut til medlemskommunane, folkevalde i medlemskommunane, skular, barnehagar, bibliotek, stortingsrepresentantane, departement og statlege etatar i kommunane som NAV og lensmannskontor og alle andre som ynskjer å ta i mot.

Nytt nyhendebrev i mars
I mars kjem fyrste nyhendebrevet og Vidar Høviskeland vonar dette vert godt motteke.
– Vi har arbeidd mykje med dette, og eg meiner vi har fått til ei klok og fornuftig løysing, seier Vidar Høviskeland. Det er klar ei heilt ny organisering av arbeidet. Det er Svein

Olav B. Langåker som vert redaktør for nettsida LNK.no og nyhendebrevet. Han vil samstundes halde fram som redaktør i framtida.no, magasinett.no og startsida.no. Alle desse nettsatsingane er delar av LNK sin nye informasjonsstrategi. Svein Olav B. Langåker og dei to andre journalistane i redaksjonen har kontorstad i Oslo saman med ABC Startsiden.

– Eg trur dette vil gje god synergieffekt for oss. Det er mange kommunar som brukar startsida.no som startside. Vi trur vi har fått på plass eit heilskapleg informasjonstilbod, seier Vidar Høviskeland.

Populære «På saklista»-kurs
LNK har i dag 124 medlemer. Det er nynorskkommunar, fylkeskommunar, kommunale og interkommunale selskap og regionråd som er medlemer. Ved årsskifte gjekk Stranda kommune ut av LNK, medan Vaksdal kommune og Regionrådet for Hallingdal vart medlemer. Eit viktig medlemstilbod til kommunane er at dei får gratis nynorskkurs for sine tilsette. Kursa er eit tilbod som me gjev i samarbeid med Fagforbundet og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Tre kurshaldarar har delt medlemskommunane mellom seg, og nett no er kurset så populært at det er ei lita venteliste.
- Men alle medlemene som ynskjer det, skal få kurset seier Vidar Høviskeland.

Hege Lothe / Norsk Tidend 01 / 14
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no