Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målblome til Stranda skisenter

 (18.03.2014)

Stranda skisenter gjekk frå bokmål til nynorsk då dei fekk privat eigar. Det blir dei no hedra for. Konsekvent bruk av nynorsk i kommunikasjonen med omverda har sikra Stranda skisenter årets målblome frå Sunnmøre Mållag, melder Sunnmørsposten. 

Terje Kjøde, leiar i Sunnmøre Mållag, overrekte Målblomen til Ellen-Beate Wollen i Stranda skisenter. I grunngjevinga står det mellom anna: Då Stranda skisenter skifte eigar, byrja verksemda å bruke nynorsk i staden for bokmål  mellom anna på nettsidene sine. Desse når eit stort publikum, og er såleis med på å fremje nynorsken som språk både i nærings- og idrettslivet. Dette er viktig, ikkje minst fordi det når mange unge menneske.

Stranda Skisenter er ikkje aleine på Sunnmøre om å marknadsføre seg på nynorsk. Skisentra både i Ørsta og Volda gjer det same. Likevel finn me i Sunnmøre Mållag grunn til å framheve Stranda denne gongen. Det er det største på Sunnmøre, det når flest brukarar, og ikkje minst; dei har på eige initiativ gått over til å bruke nynorsk.

Biletet er henta frå nettsida til Stranda Skisenter

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no