Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Optimisme i Sunnmøre Mållag

 (19.03.2014)

– Fleire av lokallaga i Sunnmøre Mållag arbeider godt. Det kan me trygt slå fast, seier Terje Kjøde, som går på eit nytt år som leiar etter fylkesårsmøtet i helga. 

Laget hadde årsmøte på Nilsgarden i Stordal laurdag 15. mars. Ni lag var representerte med til saman 25 deltakarar. Rapportane frå laga synte at det er god aktivitet i fleire av dei, og stemninga var optimistisk.

God vekst på Sunnmøre
Fylkesmållaget Sunnmøre Mållag leverer eit veldig solid medlemstalresultat for 2013. Dei har ein framgang på 48 medlemer. Og dette gjev dei eit medlemstal på heile 865 betalande medlemer. Siste åra har Sunnmøre Mållag fått to nye lokallag og oppattskipa to andre lag. Så dette fylkesmållaget har både greidd å drive lagsbygging og medlemsverving. Sunnmøre Mållag har verkeleg løfta seg siste åra. Laget har i dag nesten 300 fleire betalande medlemer enn for ni år sidan.

Terje Kjøde trur det er realistisk å passere 900 i det komande arbeidsåret.

– Noko av det mest gledelege i året som gjekk, var at det vart skipa nytt lag i Sande kommune, og at laget allereie er godt i sving, fortel Terje Kjøde.

Organisasjonsbygging og skolering 
– No manglar det lokallag i berre to kommunar på Sunnmøre, i Stranda og Stordal, fortel Terje Kjøde. Han trur det kan vere grunnlag for lag i Stranda. Han vonar også å få liv i eit par lag som har vore passive siste åra. Organisasjonsbygging og skolering vil nemleg framleis vere ei prioritert oppgåve.

Samarbeid er også eit stikkord i arbeidsprogrammet. Sunnmøre Mållag vil halde fram med å samarbeide med fylkesmållaga på Nordmøre, i Romsdal, i Sogn og Fjordane og med lokallaga i Ottadalen. Dei siste åra har laget hatt kontakt med målungdommen på Sunnmøre. Dette vil laget føre vidare. Sunnmøre Mållag vil også satse på samarbeid med fotballklubbar på Sunnmøre om å få meir nynorsk i Sunnmøre Fotballkrets. Det er viktig å nå ungdommen. Difor satsar me også på å opprette ei gruppe til å skrive på Wikipedia, seier Terje Kjøde.

Det nye styret i laget ser slik ut: Terje Kjøde, Ørsta (leiar), Kristian Fuglseth, Hareid, Iselin Nevstad Øvrelid (Hareid), Solveig Linge Stakkestad, Norddal og Kristian Stråmyr, Haram.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no