Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Solid medlemstal i Mållaget

 (21.03.2014)

Biletet er frå Aasen-tunet på 200 årsdagen til Ivar Aasen.

Biletet er ifrå feiringa av 200-årsdagen til Ivar Aasen i Aasen-tunet. (Foto: Noregs Mållag)

Noregs Mållag har 12 164 betalande medlemer i 2013. Dette er eit solid resultat. Jamfør rekordåret i 2012 er det ein svak tilbakegang. Det året vart det verva og mobilisert over 2000 nye medlemer til Mållaget. Vi har 92 færre betalande medlemer i 2013 enn året før. 

– Vi har budd oss på at 2012 ville vere eit heilt spesielt mobiliseringsår for Mållaget. Og eg lyt seie at vi er gledeleg overraska over at medlemstalet held seg så godt. Det er vi veldig stolte over, fortel Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag.

Ho fortel at svært mange av dei som vart verva i 2012, held fram å betale medlemskapen i 2013.
– Dette er veldig kjekt. Det gjev oss både sterkare økonomiske musklar og større politisk tyngd, peikar Gro Morken Endresen på.

Størst auke på Sunnmøre
Fylkesmållaget Sunnmøre Mållag leverer eit veldig solid medlemstalresultat for 2013. Dei har ein framgang på 48 medlemer. Og dette gjev dei eit medlemstal på heile 865 betalande medlemer. Siste åra har Sunnmøre Mållag fått to nye lokallag og oppattskipa to andre lag. Så dette fylkesmållaget har både greidd å drive lagsbygging og medlemsverving. Sunnmøre Mållag har verkeleg løfta seg siste åra. Laget har i dag nesten 300 fleire betalande medlemer enn for ti år sidan.
– Noko av det mest gledelege i året som gjekk, var at det vart skipa nytt lag i Sande kommune, og at laget allereie er godt i sving, fortel Terje Kjøde, leiar i Sunnmøre Mållag.

God auke i Austmannalaget
Også Austmannalaget opplever medlemsauke. Dei har 532 medlemer og det er 22 fleire medlemer enn året før. Dei har om lag 130 fleire medlemer i år, enn for ti år sidan. Austmannalaget har fått skipa oppatt to nye lag siste åra, og det er med å sikrar medlemsveksten.
– Det er mykje flott og spennande aktivitet i lokallaga våre, og det er svært inspirerande, seier Helen Johannessen, leiar i Austmannalaget.

Andre lag med plusstal
Det andre fylkesmållaga som har hatt medlemsvekst siste året, er Østfold Mållag, Valdres Mållag, Fylkesmållaget Vikværingen og Aust-Agder Mållag. Fyrstnemnde auka med 18 medlemer og har 125 medlemer, Valdres Mållag har 242 medlemer og auka med 16 medlemer, Fylkesmållaget Vikværingen har 1342 medlemer og auka med 10 medlemer og Aust-Agder Mållag har 334 medlemer og auka med 4 medlemer siste året.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no