Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny leiar i Norsk Målungdom

 (25.03.2014)

Karl Peder Mork vart valdt til ny leiar i Norsk Målungdom på landsmøtet til Norsk Målungdom i helga. Til sommaren overtek han som leiar i organisasjonen. 

På Norsk Målungdom sitt landsmøte i Stavanger vedtok ungdomsorganisasjonen i arbeidsprogrammet å setje «Nyskilting av Noreg» som første punkt. Det betyr mellom anna meir skilting på fleire språk som nynorsk og samisk.

«Norsk Målungdom skal jobbe for at det språklege mangfaldet vert synlegare i det offentlege rom» heiter det i det nye arbeidsprogrammet. Målungdomen vil leggje dette arbeidet opp både mot offentlege og private aktørar.

– Når ein kjem køyrande over grensa står det Norge/Noreg på skiltet. Men landar du på Gardermoen, eller andre internasjonale flyplassar, er det berre skilta på bokmål. Vil vil at det første ein ser når ein kjem til Noreg, skal vere ei gjenklang av det fleirspråklege samfunnet vi har i Noreg, seier Karl Peder Mork. 

– Det er ingen grunn til at ein berre skal møte bokmål når vi i Noreg i dag har fleire offisielle språk, seier Karl Peder Mork. 

– Å ta vare på desse språka er eit samfunnsansvar også staten må vere med på. Både nynorsk og bokmål, men også samisk og kvensk bør vere ein naturleg del av språket i det offentlege, held han fram. Han meiner at alle språka som har offisiell status skal vere ein del av språkkvardagen vår. Derfor vil vi at alle offentlege bygg må innføre fleirspråkleg skilting, seier Karl Peder Mork. 

Nytt sentralstyre
Han får med seg eit solid sentralstyre. Nestleiar Kristofer Olai Ravn Stavseng frå Stordal på Sunnmøre held fram. Medan Synnøve Sætre frå Ørsta har site eit år i sentralstyret og går på som skrivar. Eskil Syltøy Løland frå Sotra er avtroppande skrivar og held fram som sentralstyremedlem. Nye sentralstyremedlemer er Fredrik Hope frå Hyen i Gloppen som økonomiansvarleg, og Jorunn Simonsen Thingnes frå Jølster. Beggje to leiarar i kvart sitt studentmållag. Fredrik Hope leiar Studentmållaget i Bergen og Jorunn Simonsen Thingnes leiar Studentmållaget i Oslo. 

Det formelle skiftet av sentralstyret vert i høve sumarleiren i juli. 

Noregs Mållag ynskjer lukke til og gler oss til godt samarbeid! 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no