Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Marit Aakre Tennø tek attval i Mållaget

 (25.03.2014)

Noregs Mållag har landsmøte helga 4. - 6. april på Gardermoen. Valnemnda innstiller på attval for leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø (37) frå Luster i Sogn og Fjordane, og nestleiar Sigbjørn Hjelmbrekke (34) frå Bø i Telemark. 

– Om landsmøtet gjev meg tillit, vil eg halda fram arbeidet for nynorsken. Opplæringa i nynorsk må verta betre og nynorskelevane må hegnast om i større grad enn i dag. Får me ikkje til det, vil språkskiftet verta større, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

Framlegg til to nye styremedlemer. Den eine er KrFU-leiar, Emil André Erstad (23). Han bur i Oslo, men er frå Radøy i Hordaland og gler seg til å bli styremedlem i Mållaget.

– Eg stiller til val fordi eg er oppteken av norsk språk, nynorsk og minoritetsspråk over heile verda. Noregs Mållag er den viktigaste språkpolitiske organisasjonen vi har, og der vil eg gjerne bidra til meir offensiv innsats for språkarbeidet i Noreg, seier Emil André Erstad, kandidat til styremedlem i Noregs Mållag og leiar i KrFU.

Ny styremedlem er også Haakon Aase (65) frå Meland i Hordaland. Han har lang erfaring som tillitsvald i industrien og har sete fleire periodar i kommunestyret i Meland.

Andre framlegg til fast møtande styremedlemer er: Janne Nygård (25), attval, Oslo og Ingrid Fiskaa (37), attval, Oslo. Ny fast møtande 1. vara er Bodil Vinjevoll (47) frå Målselv i Troms. Framlegg til 2. vara er Randi Lohndal Frestad (67) frå Lyngdal i Vest-Agder, 3. vara er Helga Hjetland (66) frå Kyrkjebø i Sogn og Fjordane og ny 4. vara er Øyvind Fenne (63) frå Elnesvågen i Romsdal.

Noregs Mållag har 12 164 betalande medlemer i 2013. Dette er eit solid resultat. Jamfør rekordåret i 2012 er det ein svak tilbakegang. Då vart det verva og mobilisert over 2000 nye medlemer til Mållaget. Vi har 92 færre betalande medlemer i 2013 enn året før, som var det beste resultatet på om lag 20 år.

Landsmøtet i Noregs Mållag skal vedtak nytt arbeidsprogram for fire år og peika ut dei viktigaste strategiane for arbeidet framover. 200-årsfeiringa for grunnlova gjer også at samanhengen mellom demokrati og nasjonalt sjølvstende vert eit eige emne. Det vert også prisutdelingar og om lag 170 landsmøtedeltakarar vil samla seg på Quality Airport Hotel Gardermoen denne helga.

Leiar i valnemnda er Nils Ulvund. Kontaktinformasjon til valnemnda

Sakspapir til landsmøtet er lagt ut på landsmøtet 2014. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no