Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kven skriv verdas beste nynorske blogg?

 (26.03.2014)

Framtida.no, Noregs Mållag og Norsk Målungdom skal kåra årets nynorske blogg. Vinnaren får 10.000 kroner. Denne veka er det statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal som er nominert. Les meir om "Bloggande bygdetulling" hjå framtida.no. 

Kvar veke fram til nyttår skal det kårast ein vekas nynorske blogg. Av alle desse vil ein jury kåra Årets nynorske blogg.

– Det finst mange gode bloggar på nynorsk som fortener eit større publikum. Dette ønskjer me å gjera noko med, seier Svein Olav Langåker, redaktør i Framtida.no. Nyhende- og debattavisa for unge vil laga ei samleside der ein kan finna lenkjer til alle dei beste nynorske bloggane.

– Me synest det er viktig å gjera stas på gode språklege førebilete, seier Synnøve Marie Sætre, nyvald skrivar i Norsk Målungdom. Ho sit i juryen saman med representantar frå Framtida.no og Noregs Mållag. Ho håpar at det kjem inn mange forslag i konkurransen.

– Det er lov å føreslå seg sjølv, understrekar ho.

Bloggarar innan alle mulege tema blir invitert med – frå mat- og motebloggarar til dei som skriv om til dømes fotball, politikk, litteratur eller livet generelt.

Godt språk, gode bilete og godt innhald blir lagt vekt på i vurderinga til juryen.

På nettsidene til Framtida.no kan du gje tips til dine favorittar til verdas beste nynorskblogg

Juryen gler seg til mange gode framlegg til Årets nynorske blogg: Frå venstre: Kjartan Helleve, Synnøve Marie Sætre og
Svein Olav Langåker. Foto: Hege Lothe / Noregs Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no