Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Martin Kolberg til landsmøtet i Mållaget

 (27.03.2014)

Leiar i Kontroll- og konstitusjonskomiteen, Martin Kolberg, kjem til landsmøtet i Noregs Mållag fredag 4. april for å snakke om Grunnlova på nynorsk. 

Martin Kolberg er invitert til landsmøtet for å snakke om den språklege moderniseringa av Grunnlova og at det no for fyrste gong ligg føre eit formelt framlegg om Grunnlova på nynorsk.  

Framlegget vart fremja i Stortinget i førre periode av Ap, SV og Sp. I slutten av april og byrjinga av mai blir det debatt og vedtak i Stortinget.

På nettsidene til Stortinget kan du lese alle framlegga til ny grunnlov

Kontroll- og konstitusjonskomiteen skal ha klar si innstilling 29.04.14 og deretter vert saka sendt til Stortinget. Der det skal vere debatt 6. mai og planen er at saka skal vere ferdig handsama før 17. mai.

Nett no er det uavklart kva som får fleirtal og det er venta ein del debatt om saka i tida som kjem. Stortingsrepresentant Martin Kolberg er ein tydleg talsmann for Grunnlova på nynorsk og det er kjekt at han kjem til landsmøtet i Noregs Mållag.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no