Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Teaterstykke stoppa

 (28.03.2014)

Rektorar over heile fylket avlyste Hordaland teater si framsyning "I Guds namn" etter at biskop Halvor Haugland meinte at det var irrelevant.

Etter planen skulle Hordaland Teater i løpet av vinteren ha tjueåtte framsyningar av stykket "I Guds namn", skrive av Nils P. Munk. Framsyninga var teateret sitt bidrag til grunnlovsjubileet, var retta mot ungdom og hadde urpremiere 16. januar. Hordaland Fylkeskommune og Den Kulturelle Skulesekken hadde tinga framsyningar over heile fylket.

Slik gjekk det ikkje. Eit kritisk lesarinnlegg i Bergens Tidende 21. januar gjorde at rektorar fekk kalde føter og avlyste. Innlegget var skrive av Halvor Nordhaug, biskop i Bjørgvin. Han meinte stykket var ueigna som utgangspunkt for eit ordskifte om religiøs fanatisme. "Dette er ekstreme former for religiøsitet som enten er konstruert av Munk selv eller hentet fra ytterliggående sekter som går langt utenom hovedstrømmen av norsk kristendom i dag." Og innlegget fekk altså konsekvensar. 18 av 28 framsyningar vart avlyste. Siste framsying var i Gamle Logen i Bergen ein månad etter premieren, med ein påfylgjande paneldebatt med m.a. biskop Nordhaug og teatersjef Trond Birkedal.

Forlikte
– Eg har hatt oppvaskmøte med biskop Nordhaug, og me er vel forlikte, seier Birkedal.
– Det verste er at mange elevar ikkje fekk sjå framsyninga grunna bråket. Det var synd at rektorar og skular avlyste utan å ha sett stykket, og utan å teke kontakt med oss for å finne ut om Nordhaug hadde rett. Å ta ei slik avgjerd på bakgrunn av kva nokon har skrive, er nær eit overgrep. Det stiller også spørsmål om kva det er ein vil med kunst i skulen, og kva ordninga med Den Kulturelle Skulesekken skal nyttast til.

– Det må likevel vere kjekt når ei oppsetjing får slik merksemd?
– Det er sjølvsagt kjempeflott, det var akkurat det me ville. Dette er jo eit stykke som var meint for å setje søkjeljos på eit problem, og me håpa jo på at det skulle bli eit ordskifte. Det finst fundamentalistar i alle religionar, også innanfor kristendomen. Men det var aldri målet vårt å provosere, og det var synd at frontane vart så steile. Avlysingane førte til at problemet kom opp i dagen, og då har jo me lukkast på eit vis. Men me ville jo helst ha synt stykket for elevane som det var mynta på.

– Korleis var reaksjonane frå dei som såg stykket?
– Det har vore gode tilbakemeldingar frå både rektorar og elevar. Men dei har til dels vore valdsame. Etter framsyningane kjem skodespelarane ut att, og det blir opna for eit ordskifte der og då. Nokre av dei historiene som elevane så kjem med, er sterke. Difor byrja me å ha med oss små lappar med
telefonnummer til ulike hjelpetelefonar. Dette syner at stykket har ein relevans, seier Birkedal.

Fossestykke under Festspillene
No er teateret i gang med førebuingane til "Hav" av Jon Fosse, som kan vere det siste teaterstykket han skriv. Produksjonen er eit samarbeid mellom Festspillene i Bergen, Hordaland Teater, Det Norske Teatret og BUL Oslo, som er hovudprodusent.

– No har eg kjent Fosse i mange år, så dette samarbeidet kjem ikkje heilt ut av det blå. Men han har også vore ein offentleg støttespelar i arbeidet om å få eit nynorskspråkleg teater inn i Bergen Sentrum. Det er ei støtte me sjølvsagt er veldig glade for. I tillegg har han også gjeve oss lov til å lage eit stykke i 2015 basert på barneboka Kant frå 2005. Det gler me oss til.

– Blir det flytting i sentrum?
– Det blir ikkje med det fyrste, og det nok fyrst og fremst ei politisk avgjerd. Og politikk tek tid, seier Birkedal.

 

Vil du lese fleire tekstar frå Norsk Tidend. Her kan du blad deg i gjennom Norsk Tidend 02/14

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no