Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Baker Hansen til landsmøtefesten

 (31.03.2014)

Denne veka presenterer Baker Hansen singelen "Sea Du Drog" og då høver det godt at dei kjem til landsmøtefesten til Noregs Mållag på laurdag kveld. 

Det er ei nynorsk gjendiktning av den amerikanske klassikaren "I Get Along Without You Very Well (Except Sometimes)" frå 1939, gjort av vokalist og halling Sigurd Rotvik Tunestveit, og nyarrangert av bandet. 

Baker Hansen - Chet Baker på norsk
Baker Hansen er historia om fem norske jazzutøvarar som tok Chet Baker med på ei norsk språkreise. Resultatet er eit spennande møte mellom amerikansk cooljazz og norsk fjelluft, tidlege jazzstandarder og vårt eige morsmål. Debutalbumet "Ei Som Deg" vert lansert fredag 11. april. 

Les meir om Baker Hansen på Facebook og høyr "Sea du drog" på WiMP: http://wimp.no/track/27510606

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no