Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kommunesamanslåing på tvers av språk

 (31.03.2014)

– Det er gledeleg at ekspertutvalet som skal sjå på kommunestruktur, no slår fast at språkpolitiske omsyn er relevante i spørsmålet om kommunesamanslåing, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag. Noregs Mållag har lenge arbeidd for at språklege omsyn skal takast ved ei eventuell kommunereform i Noreg og Marit Aakre Tennø vil ta opp dette i si leiartale til landsmøtet i Noregs Mållag på Gardermoen fredag 4. april. 

Sjølv om rapporten ikkje nemner nynorsk særskild, slår han fast at det må sjåast nærare på kva konsekvensar ei eventuell samanslåing vil få i dei samiske forvaltingsområda for det samiske språket.

– Dette er ei høgst reell problemstilling, men ei som ikkje berre gjeld dei samiske områda. Samanslåing av nynorskkommunar og bokmålskommunar støyter på nokre av dei same problemstillingane knytte til språk og språkval i eventuelle nye kommunar, seier Marit Aakre Tennø.

Nett slik språket til dei einskilde kommunane i det samiske forvaltingsområdet er viktig for at samisk skal bli sett, lese og brukt, er det viktig for nynorsken i nynorskkommunane. For dei mindre brukte språka er det viktig å kunna vera ein majoritet. Slik nynorsken er i mange nynorskkommunar. Såleis skil ikkje behova til korkje samisk eller nynorsk seg frå behova til andre mindre brukte språk i verda.

Svært mange av framtidige føreslegne samanslåingar vil vera samanslåing av bokmålskommunar og nynorskkommunar, eller av språknøytrale kommunar og nynorskkommunar. Og nesten alle dei språkblanda samanslåingane vil skje i område der nynorsken er under press. I det me kallar randsonene for nynorsken.

– For nynorsken er det heilt avgjerande at det vert tenkt språkpolitikk ved eventuelle samanslåingar, og at kommunesamanslåingar ikkje må skje når det kan få negative konsekvensar for nynorsken, slår Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag fast.

Noregs Mållag laga sak om dette i haust. Sjå også den. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no