Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Snart byrjar det

 (01.04.2014)

I år er det 200 år sidan Noreg fekk ei eiga grunnlov. Dette vil sjølvsagt bli markert på landsmøtet i Noregs Mållag, i tillegg vert det vedtak av nytt fireårig arbeidsprogram.

Årets landsmøtetale er det Hilde Sandvik som held. Ho er professor i historie ved Universitetet i Oslo. Tittelen på føredraget er: Samanhengen mellom demokrati og nasjonalt sjølvstende. Hilde Sandvik vil i innleiinga si sjå på historia med vekt på samanhengar mellom utviklingsdrag som gav oss sjølvstende og som gav oss interesse for å arbeida fram eit norsk språk. Ho er for tida leiar for forskingsprosjektet Demokratisk teori – historisk praksis. Føresetnader for folkestyre 1750-1850. Eit emne som også er viktig for ynsket om nasjonal språkpolitikk.

Nytt arbeidsprogram – nye utfordringar
I år vil Noregs Mållag for fyrste gong i moderne tid vedta eit fireårig arbeidsprogram. Leiar for arbeidsprogramnemnda har vore Sigbjørn Hjelmbrekke, som også er nestleiar i Mållaget. I innleiinga til arbeidsprogrammet peikar nemnda på at nynorsken har fleire utfordringar.
– Nynorsken vert stadig meir vanleg og godteken i Noreg. Han er i framgang i media, i litteraturen, i næringslivet og i forvaltninga. Målet om at nynorsk skal vera eit fullverdig språk på alle område i samfunnet, er nærare enn nokon gong. Situasjonen for nynorsk er såleis god, men også vanskeleg. Som mindretalsspråk vil nynorsk alltid vera utsett, og presset for å skifta til bokmål vil vera eit konstant trugsmål, skriv arbeidsprogramnemnda. Arbeidsprogrammet vert viktig fordi det skal vera styrande for arbeidet dei neste fire åra. Det peikar ut fleire viktige arbeidsfelt.

Ny organisering av Noreg
Framlegget til arbeidsprogram peikar ut ei større aktuell utfordring som kjem dei neste fire åra:
– Me er no midt inne i ei sterk sentraliserings- og urbaniseringsbølgje. Bankar og skular vert slegne saman og sentraliserte. Sterke og dominerande krefter arbeider for å slå saman kommunar. Det same gjeld politi, brannvesen, sjukehus og andre helsetenester, landbruk, bedrifter, organisasjonar og forvaltningsorgan. Alt dette aukar presset mot mindretalsspråket, ettersom små nynorskeiningar vert slegne saman med større eller fleire bokmålseiningar, står det i innleiinga til arbeidsprogrammet. Nokre av desse utfordringane kjem opp som eige emne i eit seminar sundag morgon.
Då vil Steinulf Tungesvik, tidlegare leiar i Noregs Mållag, snakka om ny organisering av mellom anna Kommune-Noreg, og kva utfordringar dette gjev for nynorsken.

Ein språkpolitisk analyse
Nytt av i år er at Eli Bjørhusdal og Trond Trosterud presenterer ein uavhengig analyse av stoda for nynorsken i og utanfor skulen. Dei har fått i oppdrag å peika på kvar dei meiner me finn dei største utfordringane for nynorsken, med hovudvekt på opplæringsfeltet. Begge har stor kunne om andre liknande språksituasjonar og korleis andre land organiserer opplæringa i minoritetsspråk. Denne språkpolitiske analysen vert innleiinga til eit større ordskifte om arbeidsprogrammet.

– Arbeidsprogramdebatten vert den viktigaste debatten under landsmøtet. Eg ser veldig fram til at heile landsmøtet, med alle sine ulike røynsler frå ulike område saman skal kome fram til ein analyse av stoda og ein veg framover, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

Attval for leiar og nestleiar
Både Marit Aakre Tennø, leiar, og Sigbjørn Hjelmbrekke, nestleiar, har sagt ja til attval og fått fornya tillit hjå valnemnda. Også Janne Nygård tek attval som styremedlem og Ingrid
Fiskaa rykkjer opp frå fast møtande vara til fast styremedlem. Nye styremedlemer er Haakon Aase frå Meland i Hordaland. Han er i dag leiar i Meland Mållag, og har politisk vore fagleg tillitsvald og vore aktiv i Raudt. Den andre nye styremedlemen er Emil André Erstad bur i Oslo og er leiar i KrFU. Ny fyrstevara er Bodil Vinjevoll. Ho er lærar og har bak seg åtte år som leiar i Målselv Mållag, og har sete i lokallagsstyret sidan 1996. Framlegg til 2. varamedlem er Randi Lohndal Frestad som tek attval og 3. varamedlem er Helga Hjetland, som etter eige ynske rykkjer ned på varalista etter fire år i styret. 4. varamedlem er Øyvind Fenne som har vore aktiv i Mållaget i mange år og har vore leiar i Romsdal Mållag i ti år.

Biletet er teke på landsmøtet i Suldal. Styremedlemane Helga Hjetland (t.v) og Janne Nygård (t.h.).

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no