Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Årsmøtetid

 (03.04.2014)

Ola Mestad kasta glans over årsmøte til Bærum Mållag.

Bærum Mållag leikar ikkje årsmøte. Valnemnda har gjort eit godt arbeid og har nett lagt fram eit skriftleg framlegg til nytt styre, som vart valt ved akklamasjon.

– Så er me komne til varamedlemene, seier møteleiar Marit Hovdenak.
– De ser framlegget frå valkomiteen på arket. Er det andre framlegg?
Møtelyden får nokre sekund til å tenkje seg om.
– Det er det ikkje, så då kan me rekne framlegget frå valkomiteen som godkjent, seier Hovdenak.

Ny applaus
Før sjølve årsmøtet tek til, er det ope møte. Prof. dr. juris Ola Mestad, leiar i Forskingskomiteen for Grunnlovsjubileet, skal halde eit føredrag om grunnlova. Tilskipinga er eit samarbeid med Bærum Bibliotek og filialen deira på Bekkestua, biblioteksjefen hjelper til med å hengje opp plakatar. Kasserar Øystein Tormodsgard tek oppstilling rett utanfor salen, og er usikker på kor mange som vil kome.

– Tilskipingane våre hare vore godt vitja det siste året, og laget har nær syttifem medlemer. Det burde synast, særleg sidan det skulle vere årsmøte etterpå, seier han.

–Er du medlem?
Inne i salen blir det rigga til med kaker og kaffi, og alle som kjem inn for å setje seg, blir møtte med eit "Hei! Er du medlem?" Men etterkvart blir det uråd å halde oppe denne personlege kontakten, så eit ark blir sendt rundt der folk kan skrive opp namn og adresse om dei ynskjer meir informasjon om laget.

Og Tormodsgard har rett. Når klokka nærmar seg slaget, så kjem det godt med folk. Ein to-tre stykke melder seg inn på flekken, og det blir nesten litt kø ved inngangen. Til slutt har godt over femti folk funne vegen til møtet. Halvor Tjønn dreg det heile i gang med ein flott introduksjon.

Det er alltid morosamt høyre på folk som veit kva dei snakkar om. Ola Mestad tek oss alle med på ei reise gjennom soga til grunnlova. Sjølv om han sit inne med mykje kunnskap, byrjar han med skulelærdomar for at alle skal kunne hengje med. Så går han vidare inn i emnet og pågåande ordskifte.

– Mange prøver å gjere Falsen mindre viktig, prøver å seie at han ikkje var så viktig. Det er eg usamd i. Eg vil tvert om slå eit slag for Falsen og gjenreise ryktet hans.

Det er humoristisk og kunnskapsrikt, og små tekniske problem med ljosbileta hindrar han ikkje nemneverdig. Særleg fint blir det når han gjev Karl Johan toneleiet til ein tenåringsgut i Oslo. Karl Johan ville gjerne at regjeringa heime i Stockholm skulle godkjenne den ferske norske grunnlova, og i fylgje Mestad høyrdest meldinga om lag slik ut:

– Døh! Vi godkjenner den derre grunnloven, ikke sant?
Mest briljerer likevel Mestad etter pausen. Birgit Hovet Horpestad har steva, og det er opna for spørsmål frå salen. Som avslører at dei i salen heller ikkje skulka historietimane på skulen. Men uansett kva spørsmålet er, svarar Mestad kunnskapsrikt og presist.

Effektivt møte
Sjølve årsmøtet er gjort unna på litt meir enn tjue minutt. Det kjem dels av at det sitjande styret og tilhøyrande valkomité har gjort godt førearbeid. Det kjem også av at Bærum har lagt ei nokolunde fast linje for arbeidet sitt. Dei har tilskipingar under byfesten i Sandvika i august, på den europeiske språkdagen i september og i samband med årsfesten. Den siste er ei blanding av årsmøte og bursdagsfest, då laget vart skipa i 7. mars 1912. Årsmøtet plar difor vera på denne tida av året.

Det kjem likevel opp eit framlegg om å gjere eit forsøk på å få til eit målpolitisk ordskifte i året som kjem, noko dei fleste er samde om at er ein god idé.
– Kan hende noko om ei mogleg grunnlov på nynorsk?, kjem det frå salen.

Kjartan Helleve, Norsk Tidend 2 / 2014
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no