Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk litteraturpris til Sigrun Slapgard

 (04.04.2014)

Vinnaren av Nynorsk litteraturpris 2013 er Sigrun Slapgard med boka ”Englestien”. Prisen vart delt ut ved opninga av landsmøtet til Noregs Mållag. Dei som står bak prisen er Det Norske Teatret, Det Norske Samlaget og Noregs Mållag. Prisen har vore delt ut sidan 1982 og er på 30 000 kroner.

Sigrun Slapgard sa at ho tykte det var ei heilt uvanleg oppmuntring å få Nynorsk litteraturpris.
– Eg må vere endå meir dristig, tenkjer eg. Og den gjeve prisvinnarlista inspirerer, seier Sigrun Slapgard. Og ho peika på at ho har ein nynorsk som er farga av dialekt.
– Og det er i Fron Målag eg høre til – og det er nok av gode ord frå Facebook-sida eg nå kunne bruke for å takke – dette va både kailtokka og abraksleg tyle. E´e habbele kry over å ha fått Nynorsk litteraturpris, mange takk! 

Grunngjevinga frå juryen:
Nynorsk litteraturpris 2013 går til Sigrun Slapgard for romanen ”Englestien”. Romanen som er ein frittståande oppfølgjar av den fyrste romanen hennar ”Paradishagen”, er ein sterk og vakker roman om barndom, familie, kjærleik og sorg og om å måtte sjå i auga det ein fryktar mest. Å ikkje tørre å ta farvel, men likevel å måtte ta farvel.

Når veslebror til dokumentarfilmregissør Julie Dalgård, ”ekspert på verkelegheitsflukt”
blir dødssjuk, tek ho han med på ein fjelltur langs Englestien på ei vandring i deira felles
barndom for å gi han kraft til å ri av sjukdomen. Sidan barndomen har turar i fjellet vore ein måte for dei to å skape seg fridom på og å koma seg vekk frå det som er tungt og vanskeleg (moras død, farens sjukdom, ungane som vart skilt frå kvarandre).

Syskena har lagt ut på ekspedisjonar i rolla som Nansen og Hjalmar, sett inn i flammene i varmande bål og dikta fantastiske historier før dei har vandra vidare og halde seg i humør med banneord, som har gitt både styrke og samkjensle. Når dei no i vaksen alder legg ut på ein tur til barndomstraktene og går Englestien saman, blir det tydeleg at dei to har kvar si historie, og at minna deira ikkje er like. Broren vil vite ting som Julie har lagt lokk på, og som i stor grad rører ved det ho fryktar mest og nektar å innsjå; at veslebror hennar skal dø og at reisa til barndomens rike for han handlar om å finne mot til å gå ut av tida; ikkje til å bli i henne.

I eit dialektnært, opent og assosiativt språk beveger handlinga i romanen seg mellom fortid og notid, forskjellige tidslinjer blir vevd saman og grip inn i kvarandre. Sigrun Slapgard er ein kunstnar i å utelate. Romanen antyder i mykje større grad enn den utbroderar. Og det er dette som er romanens styrke, og som gjer karakterane så ekte og historia så sterk. Vi får berre ei flik av sanninga, slik som i røynda, og nett difor held ho oss slik i bann. I stor grad er tema i romanen at orda forsvinn når dei verkeleg er naudsynte, at eit inderleg ønskje om å kommunisere ikkje gjer orda lettare tilgjengeleg, snarare tvert i mot.

Juryen er Ragnar Hovland, Ove Eide og Mari Moen.
 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no