Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målblome til Martin Kolberg

 (04.04.2014)

Martin Kolberg tok landsmøtet i Noregs Mållag med storm då han fredag fekk målblome for sitt arbeid med å få Grunnlova på nynorsk. Han er ein av dei seks representantane som i 2012 gjorde framlegg om at Grunnlova skal kome på moderne nynorsk og bokmål. 

Som leiar av Stortingets Kontroll- og konstitusjonskomité har han stått på for å sikre at Grunnlova skulle få nynorsk språkdrakt. No kan det sjå ut til at framlegget ikkje får fleirtal, men Kolberg lovar kamp til døra:

– Saka er ikkje tapt før saka er røysta over. Og fell framlegget no, lovar eg på vegner av Ap at vi skal fremje kravet om Grunnlova på nynorsk på nytt, sa Kolberg til ein jublande landsmøtelyd.

Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, takka leiaren av Kontroll- og konstitusjonskomiteen for innsatsen:

– Det har skjedd mykje i det språkpolitiske landskapet sidan kravet fyrste gong kom opp på starten av 1900-talet. Men no ser det ut til at det språkpolitiske landskapet nok ikkje hadde endra seg så mykje sidan 1906 som me hadde håpa, sa Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

– No ser det ut til at Grunnlova på nynorsk kan henge i ein tynn tråd. Men det er ikkje takka vere mannen som no får ein målblome som leiar av Kontroll- og konstitusjonskomiteen, sa Marit Aakre Tennø.

Heile grunngjevinga frå Noregs Mållag:
I eit land med to fullt ut jamstilte språk kan eit språkval aldri vere nøytralt. Når sjølve tufta til landet, Grunnlova, skal moderniserast språkleg, er det difor logisk at ho kjem på båe språka – i jamstilte juridiske versjonar. Å ha ei Grunnlov på fleire språk er på ingen måte unikt for fleirspråklege samfunn.

Kjem Grunnlova på nynorsk, vil Noreg føye seg inn i rekkja av statar som tek omsyn til at dei har fleire nasjonalspråk.

Fyrste gongen Grunnlova vart omsett til nynorsk var i 1875 av læreraren, telegrafisten og målmannen Olav Jakobsson Høyem. Omsetjinga vart den gong publisert under tittelen Noregs grunlov og kom ut i ny utgåve i 1878.  Nikolaus Gjelsvik gjorde arbeidet på nytt i 1901, Hans Aarnes i 1945 og Knut Robberstad i 1953, med seinare oppdateringar for fleire av desse.

Det fyrste framlegget i Stortinget om å få vedteke Grunnlova i nynorsk språkdrakt kom i 1906. Den gongen innstilte Konstitusjonskomiteen på å avvise alle forslaga. Framleggsstillarane ville den gong utsetje saka, men oppnådde berre 18 røyster. I Stortinget si utgreiinga om saka står der at det var fleire grunnar til at saka ikkje vart vedteke. Men så: ”var nok selve målformen – landsmål – vanskelig å akseptere for det store flertallet på Stortinget i 1906”.

Det skulle ta 106 år før saka kom opp att. I 2012 kom spørsmålet på dagsordenen etter at Carl I. Hagen hadde fremja Finn-Erik Vinje si modernisering av riksmålsversjonen. Den vart då avvist av komiteens fleirtal frå Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet fordi dei meinte at ”Grunnloven må foreligge i begge de to offisielle målformene i Norge, bokmål og nynorsk. Av denne grunn alene avviser derfor disse medlemmer forslaget fra Hagen og Vinje”.

Dei sette ned eit utval leidd av Hans Petter Graver som skulle utarbeide moderniserte versjonar av Grunnlova både på bokmål og på nynorsk. Dette vart til Grunnlovsforslag 25 i førre periode, framsett av Marit Nybakk, Martin Kolberg, Jette F. Christensen, Hallgeir H. Langeland og Per Olaf Lundteigen.

Det har skjedd mykje i det språkpolitiske landskapet på dei 106 åra. Me kunne lese i media i går at det språkpolitiske landskapet nok ikkje hadde endra seg så mykje sidan 1906 som me hadde håpa. No ser det ut til at Grunnlova på nynorsk kan henge i ein tynn tråd. Men det er ikkje takka vere mannen som no skal mottak ein målblome som leiar av Kontroll- og konstitusjonskomiteen. For nokre veker sidan bad Martin Kolberg Stortinget skjerpe seg. Og her held Mållaget med han. Som ein del av fleirtalet i Kontroll- og konstitusjonskomiteen er det Martin Kolberg som har gjort det mogeleg at alle landsmøteutsendingane no kan sitje med eit eksemplar av Grunnlova på nynorsk i mappa si. Og gjev me oss ikkje med dette, og håper at dette vesle heftet snart skal verte historisk!
 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no