Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Gardermoen, 4. april 2014

Landsmøtetale av Marit Aakre Tennø

Gode landsmøte,

Fjoråret var eit år prega av både fest og kamp.

Nynorskstafetten var ein fest. Han tok oss gjennom heile Noreg frå Vadsø i nord til Lista i sør. Me har reist frå lokallag til lokallag og fått sove i gode senger hjå tallause målfolk og ete like mange frukostar med lange diskusjonar om målsak og målstrategi.

Saman har me fått snakka om målsak i bygder og byar over heile Noreg. Me har vore omreisande i ordskifte. På lærarrom og ordførarkontor og kjøpesenter og på gatehjørne har me snakka med folk om nynorsk. Tusenvis har det blitt etter nesten eitt år på vegen. Ikkje alle ordskifte har vore ein fest, men lokallagsvitjingane har vore ein fest. At så mange lokallag har ordna tilskipingar, er ikkje til å tru.

På vegen har me samla på gode og dårlege døme. Det er kjekt å trekkje fram dei gode: Som at Time bibliotek kjøper nynorskbøker til kommunen, og at Seljord kommune lagar ein
eigen ressursbase med rim og regler og anna godt tilfang på nynorsk til bruk i barnehagen.

I intervju med ei lokal avis i Høyanger etter nynorskstafettvitjing etterlyste elevane at lærarane rettar meir på nynorsken deira fordi talemålet er så bokmålsnært. Det finst ikkje gladare bodskap enn at elevar frå Høyanger ber om å få skrive mindre talemålsnært.

For ikkje å gløyme Bø kommune som i samarbeid med Bø mållag har teke til å informere betre om nynorsken, og der fleire no vel nynorsk for ungane sine.

Dei gode døma er viktige – dei gjev oss tru og optimisme, medan dei dårlege døma minner oss på at det framleis er mykje ugjort og at mållaget trengst.

Dette året på vegen har diverre gjeve oss endå større uro i høve situasjonen i randsonene for nynorsken. Språkskiftet mellom nynorsk og bokmål har nok alltid vore stort. For 50 år sidan var det vanskelegare enn det er i dag å halde på nynorsken, om ein flytta ut av heimbygda og til sentrale strok. I Valdres-prosjektet Målstreken som vart avslutta i 2012, fekk me systematisert kunna om stoda ute i randsonene. Der vart det dokumentert at det i hovudsak er strukturar og fleirtalspress som skubbar elevane over frå nynorsk til bokmål. Dei oppfattar bokmålet som det normale og vert i stort mon tekne i mot som bokmålselevar når dei kjem over i den vidaregåande skulen. Nynorsken må aktivt oppsøkjast og veljast. Det lettaste vert å late seg drage med i bokmålsstraumen. Språket meistrar dei frå før. Målstreken i Valdres er eit godt stykke arbeid, faktisk så godt at då Kunnskapsdepartementet i førre stortingsperiode skulle produsere ein rapport om stoda for hovudmålselevane med nynorsk, så lente dei seg i stor grad på dette arbeidet.

Dei dårlege døma me har samla på dette året, syner oss likevel noko urovekkjande. På mange av desse plassane der språkskiftet er stort, vert det lagt til rette for eit skifte frå nynorsk til bokmål. Her burde dei i staden prøve å demme opp for nynorskpresset og stogge språkskiftet. På desse stadene rår lovløysa og likesæla.

Kommunen, til liks med staten, har eit ansvar for å ta vare på språka våre. Ikkje minst er han sett til det arbeidet gjennom språkopplæringa i grunnskulen som kommunane har ansvar for. Dette ansvaret er særleg viktig for det minst brukte av dei to norske skriftspråka våre: nynorsk. Nettopp fordi det, som Valdres-prosjektet peika på, finst strukturar og fleirtalspress som nærast usynleg skubbar elevane over i majoritetsspråket. ”- Nynorsk er tyngre og mer gammeldags enn bokmål, seier Martin Dobbe i 7. klasse ved Malmheim skule i Stavanger Aftenblad i går. Samstundes hevdar rektor at nynorskelevane forstår matte dårlegare fordi omgrepa er vanskelege å forstå.

Me får likevel stadig oftare melding om at kommunar blandar elevar med ulikt hovudmål alt frå fyrste klasse. Der me for nokre år sidan ville ha fått ei skulemålsrøysting, lèt i dag kommunane bokmålselevar få opplæring sjølv om dei ikkje stettar krava til å oppretta eiga bokmålsklasse. Å etterkome individuelle språkval på denne måten har me aldri høyrt at blir gjort andre vegen - altså at nynorskelevar som er færre enn 10 elevar, likevel får opprette eiga klasse. På Møhlenpris skole i Bergen var det til skulestart for to år sidan 9 elevar som ville ha nynorskklasse. Det kunne dei berre gløyme. Samstundes får majoritetsspråksbrukarane denne retten oppfylt på stadig fleire plassar, på kostnad av nynorskelevane. Det er det eg meiner med lovløyse. For medan nynorskelevane må rette seg etter lover og reglar, får altså majoriteten innfridd rettar dei ikkje har.

Ofte endar ein då med å blande nynorskelevar og bokmålselevar i same klasse frå fyrsteklasse av. Skulen skal då gje språkundervisning på to ulike språk i same klasse. Ikkje berre hamnar ofte nynorskelevane i mindretal, dei vert òg omslutta av bokmål. Det dei treng, er tvert om å hegnast om og å bli omslutta av nynorsk. Oppsiktsvekkjande nok ser ofte ikkje skulane dette som eit problem. Dei er likesæle. Resultatet gjev seg sjølv. Desse elevane byter i stor mon til bokmål så snart det er mogeleg.

Det same skjer i ungdomsskulen, berre i endå større grad enn i barneskulen. Elevane har rett og slett ikkje lenger språklege rettar utover det å få bøker og prøver på eige språk.
Opplæringsspråket er det heilt opp til læraren å bestemme. Resultatet i desse klassene er det same som i førre døme. I mange tilfelle, som i Målselv og i Hemsedal, Sandnes, Gjesdal, Drangedal, Sauherad og Geilo, utraderer ein heile kull med nynorskelevar i løpet av tre år på ungdomsskulen.

Og ingen bryr seg. For dette er det frie valet til 14-åringar.

Men ingen har gjeve nynorskeleven den språklege sjølvkjensla og tryggleiken ho treng for å møte ei verd der presset på språket hennar er stort.

Det finst ein veg ut av dette. I Odda har dei i 101 år delt elevane inn i nynorskelevar og bokmålselevar. Det var i Odda at sjølve parallellklasseretten vart oppfunnen, og her aukar talet på nynorskelevar. Nesten ingen byter frå nynorsk til bokmål når dei kjem i vidaregåande. Men no er Odda-modellen truga på grunn av trong kommuneøkonomi. Odda Mållag har arbeidd svært godt det siste året og fekk avverja avvikling for 2014, men saka skal opp att i neste budsjetthandsaming. Det burde ikkje vore slik. Odda-modellen burde vorte eksportert, slik at alle elevar gjennom heile grunnskulen fekk opplæring i sitt hovudmål i alle fag. Alle som er opptekne av god lese- og skriveopplæring i Noreg, burde sjå til Odda.

Me har fått ei ny regjering sidan førre landsmøte var samla, ei regjering som er svært oppteken av læring og testing og kunnskap. I ein debatt dagen etter landsmøtet i fjor sa dåverande utdanningspolitisk talsperson i Høgre, no fiskeriminister, Elisabeth Aspaker, at ho var oppteken av dei elevane som har nynorsk som hovudmål og korleis ein skal få dei til å halde på nynorsken. Det er eg òg. Eg er som regjeringspartiet Høgre oppteken av god lese- og skriveopplæring. Men eg trur at skal nynorskelevane få god nok lese- og skriveopplæring, må styresmaktene sjå at det å drive god nynorskopplæring krev at ein hegnar om nynorskelevane på ein annan måte enn ein treng gjere med bokmålselevane. Å drive opplæring i eit mindre brukt språk krev eit anna medvit enn det me ser at finst ute i skule-Noreg i dag.

Nynorskelevane startar mange stader med eit handikap. Ikkje berre ser dei språket sitt mindre rundt seg enn bokmålselvane. Dei møter mange stader fordommar mot språket sitt. Diverre har nokre av desse elevane lærarar som korkje synest det er særskilt viktig med nynorsk, eller rett og slett ikkje meistrar nynorsk godt nok. Skal ein gjere elevane betre i lesing og skriving, må ein ta inn over seg at det driv me med på fleire ulike språk. Mållaget har hatt møte med Kunnskapsministeren og bede han særskilt sjå til at nynorskelevane får ei skikkeleg opplæring i nynorsk. Stoda er i dag ganske enkelt for dårleg mange stader. Ynskjer den nye regjeringa verkeleg å gjere noko for dei som har nynorsk som hovudmål, kan ho ta utgangspunkt i Odda-modellen. Med eit slikt enkelt grep kan det betre situasjonen for svært mange nynorskelevar.

Nynorsken treng litt hjelp. I dag har me som nynorskbrukarar nokre rettar, og stat og kommune har nokre plikter. Alle har me eit ansvar for språket vårt. Mållaget arbeider for at alle nynorskbrukarane skal få oppfylt dei språklege rettane sine, og for at det ikkje skal vere vanskeleg å nytte nynorsk i ålmenta. Det kan ofte vere ein tung jobb når stat og kommune ikkje tek dei pliktene på alvor, eller bryt med dei jamleg. Ikkje ser dei at pliktene og det ansvaret er viktig av ein grunn, heller ikkje at det har språkpolitiske konsekvensar ikkje å ta dei på alvor. Det sit folk i salen her som eine og åleine gjer ein enorm innsats for å minne staten på det ansvaret han ikkje tek. Lag som hjelper staten der han ikkje sjølv vil. Me passar på at skulebøker på nynorsk kjem til rett tid og at Avinor fylgjer mållova.

Det er lett å kalle det uvilje. Eg vil likevel hevde at det fyrst og fremst ikkje finst eit stort nok medvit om kva slags ansvar staten, kommunar og offentlege etatar har for språket vårt. Det ansvaret har staten for alle dei offisielle språka våre. På norsk kan aldri eit språkval vere nøytralt. Anten så skriv du bokmål eller så skriv du nynorsk. Fleirtalet av slike val endar med bokmål. Difor er me omgjevne av mest bokmål rundt oss. På ein fri språkmarknad gjeld dei same mekanismane som på andre frie marknader. Som ordføraren i den vesle nynorskkommunen Finnøy oppsummerte det i kommunesamanslåingsdebatten: ”For når nynorsken er liten, vinner bokmål”. Når nynorskbrukarane hamnar i mindretal, vert det vanskelegare å halde på språket sitt. Mållova skal forsøke å vege opp for slike mekanismar.

No har me ei regjering som har sagt at den oppveginga ikkje lenger er naturleg. Den nye regjeringa meiner at det ikkje lenger er innbyggjarane og lokalsamfunna som skal avgjere staten sitt språk. Dei meiner at staten sitt språk i framtida skal følgje lysta til kvar einskild tilsett, under formuleringa at dei ”vil stø opp om begge målformene som hovudmål”. Med
dette vil dei erstatte dagens rett til å få svar på eiga målform med ein rett for tilsette i staten og språknøytrale kommunar til å bruke si eiga målform. Førebels har det ikkje kome nokon signal om korleis dei vil gjere desse endringane. Men eitt er sikkert: Språkforvaltinga handlar ikkje lenger om kva som gagnar samfunnet, men om personlege preferansar. I eit stadig meir mangfaldig Noreg kunne ein sjå føre seg mange pussige utslag av den retorikken.

Korleis kommunane driv språkopplæring, er i dag ganske godt regulert. Det finst skulemålsrøystingar og andre reglar som regulerer kva språk neste generasjon skal få språkopplæring på. På ein måte kan me seie at det er nynorskkommunane som produserer nye nynorskbrukarar. I alle fall har storparten av dei som skriv nynorsk, fått språkopplæring i ein nynorskkommune. Likevel driv kommunane med ein annan type språkopplæring òg. Nye innbyggjarar frå utanfor Noreg lærer norsk i den nye heimkommunen sin. Når ein stor del av folkeveksten no kjem frå utanlandsk innvandring, tyder det at mange tradisjonsrike nynorskbygder får mange nye og svært viktige innbyggjarar frå andre land. Dei kjem hit for å arbeide, og mange har med familien og etablerer seg i bygda. At desse nye innbyggjarane berre får tilbod om å lære bokmål, er eit trugsmål mot nynorsken. Kommunane ser ikkje kva rolle dei speler og kva ansvar dei har for språket.

Særleg langs kysten er behovet for utanlandsk arbeidskraft stort. Tal frå Sunnmøre syner at i enkelte kommunar har så stor del som rundt 15 prosent av innbyggjarane innvandra til Noreg. Det meste av dette er arbeidsinnvandring frå land i Aust-Europa til bygdesamfunn som skrik etter arbeidskraft.

Kommunane bør i større grad sjå på seg sjølve som aktive språkforvaltarar. Dei er i dag store skriftprodusentar og står for all skriftspråksopplæring. Dette gjev dei eit stort ansvar. Det bør dei ta og diskutere korleis dei vil forvalte det best mogeleg. Ved å gje opplæring på bokmål i nynorskkommunar tek dei i alle fall ikkje ansvar for framtida til nynorsken. Tvert om undergrev kommunane sine eigne språkvedtak gjennom å produsere nye språkbrukarar inn i sine eigne samfunn som ikkje skriv det språket kommunen bruker ressursar på å lære borna. Men kommunen tek rekninga.

Og igjen er me attende der me slutta i stad. Det manglar eit medvit i forvaltinga som gjer at ein ikkje tek språkleg ansvar.

Heldigvis slo rapporten til ekspertutvalet åt Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner fast på måndag at språkpolitiske omsyn er relevante i spørsmålet om kommunesamanslåing. Det er gledeleg for målrørsla som det siste året har arbeidd for at språklege omsyn skal takast ved ei eventuell kommunereform i Noreg. Rett nok omtala ikkje rapporten nynorsk med eit ord, og eg mistenkjer nok heller ikkje utvalet for å ha tenkt på nynorsk særskilt, men utvalet peikar på at kommunesamanslåinga mellom kommunar som er innanfor og utanfor det samiske forvaltingsområdet vil ha språkpolitiske konsekvensar for samisk.

Med å seie det så seier utvalet at kommunane har nokre språklege plikter, og at for dei mindre brukte språka er den ramma eit administrasjonsspråk gjev, viktig. At det skal gjelde for samisk og ikkje for nynorsk, er vanskeleg å sjå for seg. Etter førre store samanslåingsrunde på 60-talet er det oppsummert at samanslåing mellom små nynorskkommunar og større bokmålskommunar var ei viktig medverkande årsak til at nynorsken gjekk attende. Dette er ikkje grunnlaus frykt, det er norske historiske røynsler i tillegg til at det har god støtte i internasjonal forsking om mindre brukte språk.

Me har dei siste åra sett at der nynorskkommunar går over til å bli språknøytrale, der aukar bokmålsomfanget, og såleis òg presset på nynorsken. I kommunar der nynorskkrinsane kjem i mindretal, vert slike krinsar ofte sedde på som brysame. Ved ei eventuell kommunereform vil det verte mange fleire slike brysame nynorskkrinsar i Noreg. Svært mange framtidige føreslegne samanslåingar vil vere samanslåing av bokmålskommunar og nynorskkommunar, eller av språknøytrale kommunar og nynorskkommunar. Nesten alle dei språkblanda samanslåingane vil skje i område der nynorsken er under press. I det me kallar randsonene for nynorsken.

Legg ein rapporten som NRK har fått utarbeidd frå analyseselskapet NIVI til grunn, ser ein mange kommunar der språkval vil verte eit tema. Vert nynorskkommunen Finnøy slegen saman med bokmålskommunen Stavanger og dei språknøytrale kommunane Sola, Randaberg, Rennesøy, Kvitsøy, Sandnes og Gjesdal, er det vanskeleg å sjå for seg at nynorsken skal få stor plass. Heller ikkje om nynorskkommunane Bokn, Vindafjord, Tysvær, Etne og Sveio vert slegne saman med bokmålskommunen Haugesund og dei språknøytrale Karmøy og Utsira. Då vil dei 29034 innbyggjarane som no har kunna demme opp frå bokmålspresset utanfrå, verte ein språkleg minoritet som må gje etter for presset frå 75751 bokmålsbrukarar.

For nynorsken er det heilt avgjerande at det vert tenkt språkpolitikk ved eventuelle samanslåingar, og at kommunesamanslåingar ikkje må skje når det kan få negative konsekvensar for nynorsken.

I fjor då me stod her, visste me enno ikkje om det framleis kom til å vere eigen karakter i sidemål i skulen. Det vart ein lang og seig kamp. Det finst lite som heiter varige sigrar, det veit me som målfolk. Men når nynorskopposisjonen i SV sette seg på Halvorsen, gode målfolk i Arbeidarpartiet tok kampen internt og Liv Signe Navarsete tok kampen i regjeringa, så sigra me. Dette syner kor viktig det er at det finst folk med nynorsken som hjartesak, heilt sentralt plasserte i det politiske systemet.

No er det gått to år sidan tidlegare kunnskapsminister Kristin Halvorsen sa på landsmøtet vårt at nynorsken kom til å døy om 10-20 år, altså er det i verste fall berre 8 år att. Og om eg skal vere heilt ærleg, så ser det ut til at det skal halde svært hardt for nynorskmotstandarane å endeleg få avliva oss. Å få heile Sogn og Fjordane til dømes til å slutte å skrive nynorsk, det skal motstandarane våre verkeleg få brynt seg litt på å få til.

For biletet som Kristin Halvorsen teikna fleire gonger då ho var minister og som fleire andre har teikna etter henne (Sist Hans Geelmuyden då han hevda at nynorsk var eit døyande språk), stemmer ikkje med røynda. I dei sterkaste nynorskområda våre er bokmål på vikande front. I Måløy, Florø , Odda og Sauda vert bokmålselevane færre. I Høyanger finst dei ikkje lenger. Ikkje berre det, men fleire og fleire verksemder byter til nynorsk i desse områda. Sist ute var Strandafjellet skisenter som etter at det vart eit privat selskap, har bytt til nynorsk. På Vestlandet finn du no ikkje eit einaste skianlegg som nyttar bokmål mellom Fjellsetra (eller Sunnmørsalpane skisenter) i Sykkylven og Voss resort (etter at Stryn sumarskisenter som nytta bokmål, gjekk konkurs). Det finst nokre bokmålsskisenter lenger sør, som Folgefonni sumarskisenter, Sauda og Røldal. På Grotli i Skjåk prøver dei seg med ei blanding, det same gjer Haukelifjell på nettsidene sine . Ein liten nynorsk skioase i sør finn me øvst i Setesdalen på Brokke skisenter. Poenget mitt ved å undersøkje språkbruken til skisenter var å finne ut noko om stoda til nynorsken. Og premissen var moglegvis litt tabloid, men likefram at dersom verksemder med mange kundar frå utanfor regionen (eller frå bokmålsområde) som vender seg mot unge folk, aktivt vel å nytte nynorsk, må det tyde at her er ein så trygg på sin eigen nynorske identitet, at ein ikkje er redd for negativ merksemd rundt språkvalet, eller at ein ikkje bryr seg om det skulle kome. At eit slikt område finst og at det er så stort, syner det motsette av det Kristin Halvorsen og andre med henne trur er stoda. Det tyder at nynorsken har ei sterk stilling og ein trygg base. Reiser du rundt i desse områda, ser du at påstanden om at nynorsken skal vere eit eliteprosjekt slik kommentariatet i hovudstaden og i Bergen elskar å påstå, ikkje stemmer. Men verda ser annleis ut frå Oslo enn frå Stord, veit me.

Det er rett at nynorsken går attende i nokre område og at språkskiftet her er stort, men ein del av sanninga er òg ei anna, nemleg at dei sterkaste nynorskområda styrkjer seg. Korleis næringslivet opptrer, er ein viktig indikasjon på korleis stoda er for nynorsken. No lanserer me nynorsk verksemd-merkelappen. Me vil gje ekstra merksemd til alle dei verksemdene som vel å bruke nynorsk i ein marknad som fungerer språkleg einsrettande. Då hadde det vore fint om me, når me ser kvarandre att på landsmøtet om 2 år, hadde utvida det sterke nynorskområdet med Lemonsjøen skisenter, Røldal og Hovden. Gjerne Hemsedal og Gol skipark òg! Og så treng me kanskje eit landsmøte til før Målselv Fjellandsby står fram i ny språkdrakt.

I fjor vann me to av tre skulemålsrøystingar, me snakka med 50 ordførarar og fekk nesten ein nobelpris. At Fosse har nytta store delar av våren til å kjefte på manglande nynorskbruk i aviser og på teater, har meir enn gagna målsaka. Det syner at det nok tek meir enn 8 år å ta rotta på nynorsken.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no