Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk barnelitteraturpris til Erna Osland

 (04.04.2014)

Nynorsk barnelitteraturpris 2013 vart delt ut ved opninga av landsmøtet til Noregs Mållag fredag 4. april. Prisen har vore delt ut sidan 1968 og er på 30 000 kroner. Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris 2013 er Erna Osland med boka Nasevis.

Dette er grunngjevinga frå juryen:

Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris 2013 gjer eit særs viktig arbeid med å produsere nyskriven faglitteratur for ungar. Ho har skrive mange gode fagbøker om ulike emne, og fleire av desse bøkene høver godt for eldre ungar, ei lesargruppe som har færre bokutgivingar retta til seg. Juryen meiner prisvinnaren fortener heider for satsinga på faktabøker for denne lesegruppa, og med vinnarboka stadfestar forfattaren posisjonen sin innafor sjangeren.

Forfattaren har eit godt blikk for detaljar, som blir nytta som innfallsvinkel og fellesnemnar i ei rekkje av utforskande faktabøker, og det er nett i det kvardagslege og alminnelege at forfattaren faldar ut ei fantastisk verd for lesaren. Det er eit godt forteljargrep som får lesarane med til å tenkje utanfor vante kategoriar og oppdage nye samanhengar. I vinnarboka er nasar ein slik fellesnemnar, og boka femnar om både menneske- og dyrenasar, store som små.

Vinnaren fortel med stor formidlingsevne og språkglede. Boka er full av kunnskap om alt frå store snablar, breie tryne til spisse snutar, og her er kreativ språkleik med utgangspunkt i faste ordspel som «nasevis» og «å gå på trynet». Juryen meiner det er flott korleis forfattaren nyttar undring til å kommunisere at å tileigne seg språk og kunnskap er moro og ein aktivitet der ein sjølv tar del og lærer gjennom sjølv å undre seg og reflektere. Både den språklege kreativiteten og vegen fram og tilbake mellom det allmenne, det å ha nase og puste, og det konkrete, alle dei ulike nasane, gjer boka større enn ei faktabok. Lesarane får undre seg og kanskje også lyst til å undersøkje vidare – det er jo fleire nasar der ute –, og dei får ta imot ein bodskap om å vera glad i eigne nasar, same korleis dei ser ut.

Teksten blir akkompagnert av forteljande illustrasjonar av Elisabeth Moseng og eigne faktafelt som opnar for ulike lesemåtar. Juryen legg vekt på at dette er god litteratur for ungar som les sjølve, men boka er allsidig og høver òg godt til høgtlesing, som utgangspunkt for samtalar og vidare undersøkingar, og som ei oppslagsbok du enkelt kan finne att opplysningar i når du vil vera nasevis!

Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris 2013 er Nasevis av Erna Osland.

I juryen for Nynorsk barnelitteraturpris har i år vore Margit Ims, Arild Torvund Olsen og Anne Skaret.


 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no