Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målprisen 2014 til NRK Super

 (04.04.2014)

Noregs Mållag har gjeve Målprisen 2014 til NRK Super. Hildrid Gulliksen, programredaktør i NRK Super, tok imot prisen på vegne av NRK Super.

– NRK Super får prisen fordi dei tek born i heile landet på alvor også språkleg, gjennom systematisk satsing på språkleg variasjon, mangfald og ulike produksjonsstader. På få år er nynorskbruken meir enn dobla, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

Ho peikar også på at det frå oppstarten av NRK Super i 2008 var ikkje dei noko opplagt priskandidat. Nynorskbruken var på eit lågmål, og i dei fyrste diskusjonane tyda mykje på at endringar ville ta tid. Slik det ganske enkelt må i somme verksemder.
– Den snuoperasjonen som har skjedd, er det grunn til å applaudera – for ikkje å seia prisa. Og i år har Mållaget valt prisen, seier Marit Aakre Tennø.

Statskanalar i mange land har krevjande utfordringar med stadige diskusjonar om rolla deira som allmennkringkastarar. Noreg er ikkje noko unnatak. For nynorsken, for dialektane, for samisk, ja for alle andre enn bokmålet og det sentrale austlandet, ville fjernsynstilbodet i Noreg sett heilt annleis ut utan ein allmennkringkastar. Dei mange ulike og skiftande mindretala treng ein statskanal, som kan ta omsyn til alle i tur og orden, stå for variasjon endå om det kostar.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no