Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Norsk språkpolitikk i opplæringa

 (05.04.2014)

Professor Trond Trosterud og høgskulelektor Eli Bjørhusdal var invitert til landsmøtet for å halde innleiingar om norsk språkpolitikk og gje ein språkpolitisk analyse. 

Trond Trosterud er professor i samisk språkteknologi ved Universitetet i Tromsø. Han har tidlegare vore urfolkskonsulent ved Barentssekretariatet i Kirkenes og har i mange år arbeidd med ulike minoritetsspråk. Og Eli Bjørhusdal er høgskulelektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og arbeider med ein ph.d. om norsk språkpolitikk. Bjørhusdal har dei siste åra skrive mykje om språkskifte frå nynorsk til bokmål.

Eit klart språksikringsprinsipp
Eli Bjørhusdal drøfta mellom anna korleis dagens språkpolitikk i opplæringa fungerer, og korleis dagens jamstellingspolitikk mellom nynorsk og bokmål i skulen fungerer.
– Det prinsipielle spørsmålet som er verdt å drøfte, er om målrørsla bør halde fast ved ein statleg språkpolitikk for heile Noreg som inneber ei symmetrisk jamstelling mellom nynorsk og bokmål, berre gjennomført med meir kraft og konsekvens, sa Eli Bjørhusdal.
– Eit alternativ kunne vere at jamstillings- eller nøytralitetsprinsippet på nasjonalt plan og i bokmålsområda vert supplert med eit klart språksikringsprinsipp, eit prinsipp som gjev tilgang til fleire verkemiddel, også reguleringar, for å oppretthalde nynorsken som fyrstespråk der han er det, sa Bjørhusdal til landsmøtet.

Jamstelling
Trond Trosterud fortalde at han hadde argumentert for nynorsk av målpolitiske grunnar sidan han var 16 år. 
– Eg har argumentert med at nynorsk er det norske språket, med at bokmål har ein innebygd rangstige: der det norske, altså språket vårt, når det har dukka opp i bokmål, har vorte rangert under det Martin Kolberg refererte til som embetsmannsspråket. Kort oppsummert: «-a er stygt»
– Det er sant som Eli seier: historisk var jamstillingsvedtaket eit steg på vegen mot eit norsk Noreg, bort frå København. Eg meiner framleis alt dette. Eg er ikkje for jamstilling, eg er for nynorsk, sa Trond Trosterud.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no