Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Må sikre god opplæring til nynorskelevane

 (06.04.2014)

– I dag er det slik at nynorskelevane berre har rett til å få opplæring på opplæringsmålet sitt halve delen av den 13-årige skulegangen,  seier Marit Aakre Tennø, attvald som leiar i Noregs Mållag. 

– Kampen for betre vilkår for dei elevane som har nynorsk som hovudmål, må løftast fram som nasjonal sak nett fordi nynorsken berre kan halde seg som nasjonalt mål om han har ein trygg base i språkleg trygge nynorskbrukarar. Dette vil Noregs Mållag bidra til, slår Marit Aakre Tennø fast.

I løpet av landsmøtet har Mållaget slått eit slag for Grunnlova på nynorsk. Dessutan har vi diskutert at ei omfattande kommunereform kan auke presset på nynorsken.

Marit Aakre Tennø (37) frå Luster i Sogn og Fjordane, vart attvald som leiar i Noregs Mållag og nestleiar Sigbjørn Hjelmbrekke (34) frå Bø i Telemark er attvald som nestleiar. Ny i styret er KrFU-leiar, Emil André Erstad (23). Han bur i Oslo, men er frå Radøy i Hordaland og Haakon Aase (65) frå Meland i Hordaland. Resten av styret ser slik ut: Janne Nygård (24), attval, Oslo og Ingrid Fiskaa (36), attval, Oslo.

Ny fast møtande 1. vara er Bodil Vinjevoll (47) frå Målselv i Troms. 2. vara er Randi Lohndal Frestad (67) frå Lyngdal i Vest-Agder, 3. vara er Helga Hjetland (66) frå Kyrkjebø i Sogn og Fjordane og ny 4. vara er Øyvind Fenne (63) frå Elnesvågen i Romsdal.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no