Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. APRIL 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Odda-modellen må verta allmenn

 (06.04.2014)

- Me vil ha full språkdeling ut ungdomskulen i målblanda skulekrinsar, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag og Knut O. Dale, leiar i Odda Mållag.

I Odda kommune har det i over hundre år vore høve for foreldra å velja om elevane skal gå i nynorsk- eller bokmålsklasse. Denne ordninga har vore gjennomført til og med ungdomssteget; den sokalla Odda-modellen.

- Denne språkdelinga i heile grunnskulen i Odda gjer at elevane får all undervisning og alt undervisningsmateriell i alle fag på hovudmålet sitt. Dette gjer elevane til trygge språkbrukarar, seier Knut O. Dale. 

Denne ordninga hindrar målbyte i grunnskulen og medverkar til at så godt som alle nynorskelevane held fram med nynorsk i den vidaregåande skulen. På grunn av sparetiltak i kommunen er denne unike og gode ordninga no komen under sterkt press. Både Odda Mållag, elevrådet og Utdanningsforbundet ved Odda ungdomsskole har engasjert seg sterkt for å halda oppe språkdelinga ved Odda ungdomsskole og har førebels vunne fram i to budsjettrundar. Hausten 2014 kjem saka opp på nytt i kommunestyret. Før den tid skal kommunen gjennomføra ei brei evaluering og ein høyringsrunde.

Landsmøtet i Noregs Mållag gir full støtte til kampen for å halda oppe språkdelinga ved Odda ungdomskole, både på eit målpolitisk og pedagogisk grunnlag. Landsmøtet vil at Noregs Mållag arbeider for at Stortinget løyver ekstra midlar til å halda oppe språkdelinga i Odda, slik at ein unngår debatt om dette ved kvar budsjetthandsaming.

Landsmøtet vil at Noregs Mållag arbeider for at andre ungdomsskular i målblanda område i landet skal kunna gjennomføra full språkdeling og få ekstrakostnadene med dette dekte av staten.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no