Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskstipend til Sergej Alexander Munkvold

 (10.04.2014)

I helga fekk Sergej Alexander Munkvold arbeidsstipend for å digitalisere Norsk-Engelsk ordbok, Tysk-Norsk ordbok og Norsk-Fransk ordbok og gjere desse ordbøkene tilgjengelege på nettet. 

Desse er tidlegare utgjevne i bokform, og Munkvold har fått løyve til å digitalisera dei og gjera dei fritt tilgjengelege på nettet.

Desse verka er ikkje berre viktige for nynorskbrukarar som lærer seg framandspråk. Dei er like viktige for framandspråklege som lærer seg nynorsk – til dømes nyinnflytte vaksne innvandrarar som bur i nynorskkommunar og skal læra seg nynorsk. Me høyrer ofte nok at mangel på læreverk og ordbøker er grunnen til at mange av desse i dag får bokmålsopplæring.

– Me er glade for å kunna vera med på å leggja nye 3000 sider med nynorskstoff til i det særs bokmålsprega internettet, og ynskjer med det til lukke med arbeidet, sa Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, då ho gav stipendet til Sergej Alexander Munkvold.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no