Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Historisk sjanse for nynorsk Grunnlov

 (11.04.2014)

Tidlegare i vinter var det som det vårast i det ålmenne ordskiftet om språkleg modernisering av Grunnlova. Det spratt med språklege godord om Grunnlova på begge dei offisielle norske språka, og kanskje var det slik at den symboltunge Grunnlova burde kome på samisk òg? Men no som våren verkeleg er komen, syner det seg at det mange stader berre er det gamle riksmålet som blømer under dei vakre og snøkvite orda.

Når Grunnlova no skal reviderast, krev Noregs Mållag at ho også kjem på nynorsk. Det har funnest nynorskutgåver av Grunnlova i om lag 150 år – men utan offisiell godkjenning. Landsmøtet i Noregs Mållag ventar at eit samrøystes Storting vedtek Grunnlova på nynorsk 6. mai.

I eit land med to fullt ut jamstilte språk kan eit språkval aldri vere nøytralt. Når sjølve tufta til landet, Grunnlova, skal moderniserast språkleg, er det difor naturleg at ho kjem på båe språka. I jamstilte juridiske versjonar. Slik er det i fleire andre to- eller fleirspråklege statar som Sveits, Canada og Finland. Kjem Grunnlova på nynorsk, vil Noreg føye seg inn i rekkja av statar som tek omsyn til at dei har fleire nasjonalspråk.

Framlegget om ei Grunnlov på båe dei to norske språka, bokmål og nynorsk, er for oss fyrst og fremst ei anerkjenning av at me i Noreg har to jamstilte språk. Då kan me ikkje akseptere at usemje om bokmåls-/riksmålsversjonen skal kome i vegen for at Noreg i 200-årsjubileet for Grunnlova endeleg får til det som stranda i 1906, nemleg Grunnlova på nynorsk.

Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no