Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. OKTOBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vestre Slidre Mållag oppattskipa

 (30.04.2014)

Interessa for målarbeid er aukande i Valdres. I førre veke vart Vestre Slidre Mållag oppattskipa etter mange år utan aktivitet.

– Interessa for målarbeid er aukande her i Valdres. Valdres Mållag ser fram til samarbeid med alle lokallaga våre, seier Reidun Dølehuset, leiar i Valdres Mållag. 

Etter to månader med interimstyre var målfolk og andre interesserte samla til årsmøte på Slidre grendekafe den 24. april 2014.

Leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, kåserte om kva som gjer arbeidet i lokallag gjevande og kva utfordringar målrørsla må fronte.
– Gneisten som Marit tente hjå møtelyden, skal me gjera vårt beste for å ta vare på, fortel Reidun Dalehuset.

Valkomiteen ved Margunn Søyland Nesbakken og Reidun Dølehuset la fram forslag til nytt styre. Det nye styret er kvinnesterke: Marianne Granheim Trøyflat, leiar.
Styremedlemmer: Ingebjørg Moe, Randi Før, Brita Siri Nesja, Kari Hauge og Sigrun Sørengen.

Varamedlemmer: Esther Johme og Helfrid Fugllien Tvernge. Revisor er Olav Bråten

Engasjement for målsaka i Valdres. Frå venstre: Kari Hauge, Olav Bråten, Randi Før, Brita Siri Nesja, Marianne Granheim Trøyflat, Ingebjørg Moe og Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag. Sigrun Sørengen var ikkje til stades. (Foto: Reidun Dølehuset)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no