Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk for vaksne innvandrarar på Stord

 (30.04.2014)

Denne veka har eit fleirtal i Komite for oppvekst og utdanning på Stord gått inn for at dei vaksne innvandrarane i kommunen skal lære nynorsk. 

Rådmannen si innstilling til Komite for oppvekst og utdanning var at Stord kommune skulle halde fram med bokmålsopplæring av vaksne innvandrarar.

Geir Angeltveit frå Venstre gjorde framlegg om at Stord kommune skal gå over til nynorskopplæring. Dette fekk han fleirtal for saman med Senterpartiet og Arbeiderpartiet. Høgre og FrP røysta imot. No skal denne saka sendast til rådmannen som vert beden om å finna plass til det i budsjettet for 2015.

– Eg meiner det er naturleg for Stord, som største nynorskby å ha nynorsk i Vaksenopplæringa. Me har vore ei sinke i denne saka, seier Geir Angeltveit til
avisa Sunnhordland.

I utgreiinga gjekk det fram at rådmannen rekna med at eit skifte ville koste bortimot 700 000 kroner. I denne prisen var det lagt inn kjøp av Smart Board. Utvalet stadfesta at det ikkjeer nødvendig med slike investeringar for å drive nynorskundervisning.
 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no