Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

KrF på glid

 (05.05.2014)

Kristeleg Folkeparti opnar for å snu og sikre ei modernisering av språket i Grunnlova. Til gjengjeld vil dei ha inn ein paragraf som slår fast dei menneskerettslege forpliktingane Noreg har.

Ingenting er avgjort før avstemminga på Stortinget tysdag, skriv Klassekampen.

–  Dersom vi får gjennomslag for ein del formuleringar som er viktige for oss, kan vi vurdere det primære standpunktet vårt, seier Kristelig Folkepartis representant i kontroll- og konstitusjonskomiteen, Hans Fredrik Grøvan frå Vest-Agder, til avisa.

Både Kristeleg Folkeparti og Høgre har så langt gått mot forslaget om ein ny versjon av Grunnlova på både bokmål og nynorsk. Dei to partia har til saman nok stemmer til å blokkere forslaget –  med to stemmers margin.

Men no opnar KrF for å snu heilt om, dagen før Stortinget skal behandle forslaget om språkfornying av Grunnlova.

Eitt av krava som KrF stiller for å støtte ei språkmodernisering, er at Grunnlova får ein ny paragraf som slår fast dei forpliktingane Noreg har etter dei internasjonale avtalane om menneskerettar.

Grøvan seier at han held alle moglegheiter opne.

–  Vi vil setje oss ned med dei andre partia på Stortinget for å sjå om det er mogleg å komme fram til ein løysing.

Alle grunnlovsendringar krev to tredels fleirtal, det vil seie at minst 113 representantar må stemme for.

©Nynorsk Pressekontor
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no