Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Stor glede i Mållaget for Grunnlova

 (06.05.2014)

– At Noreg no har fått Grunnlova på begge dei norske språka, er ei historisk hending og stadfestar at Noreg har to jamstilte språk, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag. 

I dag gjorde Stortinget vedtak om Grunnlova på nynorsk med 168 for og éin imot. Debatten i dag synte at det var svært sterkt engasjement frå stortingsrepresentantane for den nynorske Grunnlova.

– Mållaget har vore tydeleg på at vi ynskjer ei nynorskversjon av Grunnlova og har merka at engasjementet for Grunnlova auka kraftig etter at Kontroll- og konstitusjonskomiteen kom med si innstilling.

– Målfolk kunne ikkje tru at det som i førre periode såg ut til å vera nesten sjølvsagt, no var stor motstand mot i tidlegare nynorskvenlege parti. Det er difor ei ekstra glede at me i dag fekk ein nynorskversjon med så stor tilslutning i Stortinget , slår Marit Aakre Tennø fast.

På biletet står Sveinung Rotevatn. Ein av dei 168 stortingsrepresentantane som røysta for Grunnlova på nynorsk.  

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no